Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Null uttelling

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trott2-Trio2 3-0. Ei lang dugnadshelg for både trenar og gutar vart krona med bortekamp mot Trott søndag kveld. Det vart ein rotete og jamnspelt kamp, der berre heimelaget fekk uttelling.
 
Første 20 minutta var vi eit ørlite hakk betre enn Trott og hadde eit visst trykk mot heimemålet. Men ingen kjempesjanser, nærast var nok Yaser, som sikkert hadde lukkast om han hadde dempa ballen først. Bakover slapp vi berre Trott til ein gong, og då varta Aref opp med ei feberredning. 
 
Siste halvdel av omgangen var det heilt jamnt, men siste fire minutta fekk Trott to mål utan at det i utgangspunktet såg ut til å bli farleg. Litt slappe i presset og dermed 2-0 midtvegs. Godt nøgde med både innsats og defensivt spel, men kvalitet og presisjon måtte betrast.
 
I starten på andre omgang fekk Vegard ein kjempesjanse då Mohammed vann ballen høgt i banen, men keeper hadde ei strålande redning på lager. I staden, 3-0 på eit lukketreff.
 
Sidan var vi fullt på høgde og Samson skaut over etter veggspel mellom Espen og Gaute. Største sjansen fekk Omid, som snappa eit tilbakespel, men på mirakuløst vis styrte ballen utanfor. Debutant Said fekk også ein kjempesjanse på frispeling frå Gaute, med ei lang Trott-tå berga heimelaget i siste liten. Dermed enda det 3-0. 
 
Men kebaben var bra :)
 
Trio sitt lag:
Aref Hosseinizada, Yaserullah Tarakhel, Edvin Vågen Bjørgvik, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Mohammad Barakzai, Alen Foric, Said Mohammadi.
Innbyttarar: Vegard Fausk, Erik Thomas, Hekmatullah Ahmadi.
 
-Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart