|
Endelig seier mot Uskedal! |  | | Endelig seier for småjentene mot Uskedal |
| | | | J13: Trio - Uskedal 2-1 (1-1)Småjentene har dei siste par åra tapt mange kampar mot eit sterkt lag frå Uskedal. Både som Ternen lag og Trio lag har vi alltid komt til kort mot naboane. I dag var det endelig vår tur og glade jenter kunne til slutt feira for ein etterlengta 2-1 seier. | | | | Hovedfokus før kamp var 2 ting. Innsats for å få tak i ball og deretter roe ned og tørre spele ballen. Dette fekk jentene mykje bedre til i dag enn i vårkampen (1-3) og første 25 minutta var det stort sett spel mot eit mål i medvinden. Vi sleit med å få ballen i mål, men etter ca 20 min fekk vi frispark skrått frå venstre, ca 20 meter. Linnea har eit frykta skuddbein og får fulltreff. Ballen fyk som eit prosjektil i motsatt kryss, eit fantastisk skudd!! Meget fortent 1-0 ledelse. Vi byttar ganske mykje utover første omgang og det er nok og ein medvirkande årsak til at Uskedal kjem litt meir med. Etter nølande forsvarsspel blir det plutselig ein sjanse i mot og då smell det. Vi er ikkje veldig fornøyd med resultatet til pause, men spelet var bra:-) | | | I andre omgang har Uskedal medvind og vi slit til tider med vinden og høgt press i vår igangsetting. Dette skapar noko unødig Uskedal-press som vi ror nokolunde greit av, spesielt kjekt å ha ei opplagt og god Cecilie i buret. Vi er ikkje ufarlige når vi kjem oppover og 5 minutt før slutt bryt Julie ein pasning, drar seg forbi og sett ballen i buret åleine med keeper. Uskedal skapar ein mulighet til som går over mål, før jentene kan jubla for sin første seier over Uskedal. | | | Føler at begge laga spelar ein bedre kamp enn i vår-kampen på samme bane. Laga har kvar sin omgang i vinden, men føler vel vi er meir overlegen i første omgang og slik sett vinn fortent til slutt. Kjekt for jentene var det i alle fall og ein perfekt start på haustsesongen. Malene var frisk framover på høgrekant i dag og tok og ei lita økt i mål på slutten. Positive bidrag frå den blide Utåker-jenta:-). Kaptein Ingeborg var veldig god å ha i midten bak. Julie var som alltid ein trussel fremst, men sleit litt med touchen i dag før seiersmålet kom. | | | Laget i dag: Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen. | | | God dommar var Isaac Jørgensen frå Trio. | | | Neste utfordring no er Stord 2 på søndag, også det heime. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |