Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knallkamp av Trio 2

Klikk på bilete for full storleik
Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
 
G16: Trio2-Nore Neset 2-2. Gutane tok i mot serieleiaren, som sist hadde vunne heile 9-0 mot Trott, som vi tapte for sist helg. Difor mest fokus på det defensive arbeidet i forkant, men også på å få meir ro og kvalitet i angrepsspelet, noko vi har slite med til no. Begge deler klarte vi veldig bra og vi vil hevde vi var nærast sigeren.
 
Klikk på bilete for full storleik
Banens beste med to assists: Ole Martin.
I begge omgangar får vi baklengs i opningsminutta, og på begge er vår elles veldig habile keeper Aref litt uheldig. Sjølv svarar vi i begge omgangar med utlikning etter 10-15 minutt, begge på frispark inn bak forsvaret. Nore Neset sov litt på det og Gaute og Said får kvar si flotte scoring på vilje og gode avslutningar. Begge scoringane på flott serve frå Ole Martin. Den nye Sinisa Mihajlovic!
 
Klikk på bilete for full storleik
Klassemål av Thorkildinho.
Etter eit visst borteovertak første 10 minutta, kjempa vi oss godt inn i kampen og tok over føringa. Fortjent utlikning på Gaute sin flotte volley og vi har eit visst tak på det ut omgangen. Kantane våre Gaute og Mohammad kjem rundt to gonger kvar, og med gode innlegg fekk både Hekmat, Alen og Said gode moglegheiter som det ikkje vart mål på.
 
Klikk på bilete for full storleik
Herleg mål av heimedebutant Said.
Same kjedelege start på andre omgang, men igjen reiser vi oss og viser flott innsats og duellstyrke, som mot Trott sist. Og enda betre, vi klarar å vise mykje meir ro, presisjon, bevegelse og kvalitet i pasningsspelet vårt. Herleg scoring frå Said, som fekk sin heimedebut. Sjettemann av våre EMF-gutar frå Afghanistan vart speleklar for ei veke sidan og imponerte med flott innsats og hurtighet på topp. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Samson SÅ nær å bli matchvinnar.
Utover i andre omgang var vi nærast sigeren. Ole og Samson med kvart sitt gode skot utanfor, og Alen utanfor etter dagens flottaste angrep, med cross frå Ole Martin og gjennlegging frå Gaute. Men aller nærast var Samson, som vann ballen på 16-meteren. Men kun vinkelen er godt nok for slegga frå Raudstein, og denne gongen vart det på utsida av kryssen. 
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Hekmat.
Dermed enda kampen 2-2 etter ein solid prestasjon av oss, der vi viser fleire steg på fram i angrepsspelet. Hekmat og Said med flotte takter på topp, Gaute er eit konstant uromoment. Ole Martin viser at han er førstelagsspelar og tek ein meir sentral rolle hjå oss, banens beste i dag. Og Edvin viser kvifor han fekk sitt første innhopp på førstelaget tidlegare i veka med solid stopparspel i lag med Espen. Kort sagt, mykje bra av mange. Først og fremst laget. 
 
Då er det to veker til neste kamp, borte mot Os.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio2-Nore Neset 2-2 (1-1)
0-1 (3 minutt) 
1-1 (11 minutt) Gaute Thorkildsen
1-2 (42 minutt) 
2-2 (54 minutt) Said Mohammadi
 
Dommar: Åge Eide, Leirvik BK
Gult kort: Gaute Thorkildsen og eitt til Nore Neset.
 
Trio sitt lag: 
Aref - Yaser, Espen, Edvin, Omid - Gaute, Ole Martin, Samson, Mohammad (Erik frå 33 minutt) - Marcus (Alen frå 33 minutt), Hekmat (Said frå 33 minutt).

  -  Marcus, Mohammad og Hekmat innatt etter ca 65 minutt.

 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart