Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Storseier for småjentene mot Stord 2

Klikk på bilete for full storleik
Storseier 13-1 og tabelltopp for glade jenter på J13
 
J13: Trio - Stord 2   13-1 (7-1). Småjentene møtte søndag eit nytt bekjentskap i Stord 2. Dei hadde før kampen i dag slått Njardar 7-3 og tapt knepent 3-4 mot Rosendal. Vi venta derfor bra motstand, men det fekk vi ikkje i dag. Eit Trio-lag på bra spelehumør utklassa Stord-laget heile 13-1.
 
Vi har fram til no operert i 3-4-1 formasjon i 9ar fotball. I dag valgte vi ein litt meir offensiv 3-3-2 formasjon og det funka bra. Allerede etter 4 minutt har vi scora 2 ved Linnea og Julie. Det renn inn jevnt utover omgangen, der Emma og Julie sett inn 2 mål kvar i tillegg til eit sjølvmål. Stord reduserer ein gong og pauseresultatet vart då solide 7-1 til oss etter ein bra omgang med til tider fint spel. 
 
Alle jentene var i aksjon allerede i første omgang og dei fekk ein god dose skryt i pausen. Vi vart enige om å nullstille og gå utpå og prøve spele ein god omgang til.
 
Stord står brukbart i mot i starten av andre, men etter kvart får vi bra uttelling også i denne omgangen. Julie scorar 4 til og Emma 2 til og sluttresultatet blei heile 13-1. Fleire av måla var resultat av flott spel og fleire gode trekk i forkant. I dag syns vi Julie, Emma, Synna og Ingeborg viste mest igjen. Kjekt og å sjå June på høgrebacken der ho gjorde ein ypperlig figur i dag. Men som alltid er det LAGET som virkar som ein enhet på slike dagar. Flott jobba av alle 14 som var med i dag! 
 
Jentene viser stadig utvikling og framgang og det lover godt før resten av seriespelet og Regy Cup i Haugesund om 3 veker. No kan vi kosa oss på tabelltopp noken dagar for første gang for desse jentene. Kjekt det og:-). Neste oppgave er Rosendal borte mandag 11/9. Då skal vi prøva å revansjera eit surt 2-3 tap frå i vår, mot eit lag som etter det vann B-sluttspelet i årets Norway Cup. Så det blir ein solid utfordring.
 
Dommar i dag var Tarmo Tars frå Trio. 16-åringen gjorde ein flott jobb!
 
Laget i dag:
Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart