Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G16-1 innleda høsten med tap og seier

Klikk på bilete for full storleik
Jubel for seier mot Torvastad
 
G16-1 har siste veka avvikla 2 kampar. Først bortekamp mot Sveio forrige veke, som enda i eit 1-3 tap etter ein relativt jevn kamp. I kveld var det duka for heimekamp mot Torvastad og det enda med ein knepen 2-1 seier.
 
Klikk på bilete for full storleik
Torstein med gode redningar mot Sveio

Bortekampen mot Sveio starta tett og jevnt, med Trio i4-5-1. Vi kjem til den første store sjansen, men etter nydelig spel går avslutninga til Daniel like utenfor. Etter 10min har Sveio sin første store sjanse, men ein kvalifisert redning frå Torstein sender ballen i stolpe-ut. Sveio festar grepet og Torstein vartar opp med fleire gode redningar før det etter 20min står 1-0 til heimelaget. Eit innlegg frå høgre blir nydelig ekspedert i mål på heil volley. Sveio fortsetter med initiativet og Torstein må i aksjon igjen. Gradvis jobbar vi oss inn i det og etter iherdig jobbing vinn Sander ein duell med keeper og sett utligninga i tomt bur. Daniel har ein stor sjanse til å gje oss 2-1, men pauseresultatet vert 1-1.

 
Klikk på bilete for full storleik
Bestemann og årsbeste på Mads mot Torvastad

Andre omgang er jevn og står lenge og vippar. Første målet vinn er følelsen – og det skjer. Dessverre er det Sveio som scorar 10 minuttfør slutt og ikkje lenge etter 3-1 etter at vi satsar framover. Då blei det litt som i vår, motstandar er litt større og tøffare og vinn jevnt over fleire duellar i kraft av å vera reint 16-års lag. Det resulterer i eit lite spelemessig overtak og seier. Men bra jobba av alle våre gutar! Ellers verdt å nevna at dommar var ingen ringare enn ex Trio mann Oddgeir Søllesvik, som leda kampen på ein framifrå måte:-)

 

I kveldens heimekamp mot Torvastad åpnar vi bra. Allerede etter 5 minutt kjem Mathias seg fri på sida og slår ut skrått til Lars som breisider ballen i mål. Flott scoring! Bare 7 minutt seinare er Mathias gjennom og blir sprunge overende i det han skal pirka ballen forbi målvakt. Klar straffe frå der vi står. Daniel blir muligens noko forstyrra av ivrige Torvastad spelarar som prøver prata på seg 5 minutt kvile. Keeper velger rett og stoppar skuddet, men Mads er våken og sett returen enkelt i mål med innsida til 2-0. Bortsett frå at vi dett litt nedpå på slutten av omgangen, har vi god kontroll inn til pause. Mest applaus utanom måla hausta Espen for ein 'konge-tackling' på ein farlig overgang. 

 

I pausen må Espen gje seg og Lars får litt kvile etter sjukdom. Inn med Anders og Edvin. Vi slitt litt meir med struktur i andre omgang og lagar og ein del unødige frispark. Eit av desse går etter 12 minutt av omgangen i mål etter touch i feltet. Ei redusering som låg i lufta etter at ein anna dødball hadde enda med heading i tverrliggar. Vi er langt frå ufarlige framover, spesielt med hurtigtoga Mads og Sander. Eit endar sågar i mål etter nydelig spel, men dommar dømmer at ballen har vore ute før innlegget frå Mads ut til Sander. Når unge Jørgensen ristar på hodet av det, var den nok ikkje ute slik vi kjenner Mads.....:-). Mathias har og ein 100% åleine med keeper, men velger kraft før plassering og treff målvakt.

 

Alt i alt ein fortent 'slite-seier' der vi er klart best i første omgang. Dagens Trio-gut må vera Mads. Virkelig på spelehumør etter ein periode med sjukdom. Årsbeste av eldste blad Jørgensen! Tarmo og Daniel er og gode å ha i sentrallinja og gjer solide figurar.  

 

Neste oppgåve då er Trott heime om ei veke. Då måmålsettinga vera å jevna det litt meir ut i målprotokollen enn i dei 2 forrigeoppgjera  i vår som enda 1-4 og 1-5.

 

Desse har vore med i dei 2 kampane:

 
Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, OleMartin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Espen Aakre Sjo,Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, LarsOlderkjær Larsen, Simen H. Lie, Mads Jørgensen, Brynjar Gjerding, Edvin Bjørgvik
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart