Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Småjentene med seier over Rosendal og 3 strake i haust!

Klikk på bilete for full storleik
Glade jenter etter seier mot Rosendal
 
J13: Rosendal - Trio 2-3 (1-2)Trio tapte samme kamp 2-3 i vår etter å ha vore vel så gode som heimelaget og denne gangen var det vår tur å ha marginane med oss. Etter ein svært dårlig start på kampen imponerte jentene med å løfta seg voldsomt etter omlegging av formasjon og vinn etter vårt syn til slutt fortent 3-2.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av Cecilie
Toppkamp i Rosendal i kveld etter at begge laga hadde innleda hausten med 2 seirar og 6 poeng. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Årsbeste av June Marie, stor kamp
Som sagt ein overraskande svak innledning på kampen frå vår side. Vi valgte å fortsetta i 3-3-2 og høgt press etter Stord-kampen i samme formasjon. Heilt kva som var årsaka veit vi ikkje, men i starten var vi veldig svake. Tapte duellar, for lang avstand til motspelar, dårlig struktur, svake avklaringar og igangsettingar. Lite som fungerte med andre ord:-). I denne perioden er Rosendal klart best med sin meir direkte spelestil og skuddstyrke. Her holdt Cecilie oss inne med noken gode redningar. Det fortente ledarmålet til Rosendal var imidlertid av den flotte sorten og kom etter 15 minutt. Frispeling på venstre kant på innsida av vår back og flott løp. Rosendal spelaren setter ballen kontrollert til side og utagbart for vår 12 år gamle keeper Cecilie. Kort tid etter legg vi om til den meir vante 3-4-1 formasjonen som jentene er meir vante med og det var plutselig eit heilt nytt lag på banen. Struktur var plutselig tilbake, vi vinn duellar, står tettare etter og begynner å ta ned ball og SPELE fotball. Midtbanemotor Synna er involvert i det meste i denne perioden og etter 25 minutt kombinerer ho med June Marie på venstre kant. Glimrande veggspel og June Marie kjem til dødlinja. Ho får igjen for trening med venstrefot og klarar legga ut igjen '45' med 'feil fot' til Julie som breidsidar ballen i lengste hjørnet. Det angrepet var etter læreboka så det holdt og verdt turen frå Husnes åleine. Fantastisk flott spel og mål og stor jubel i Trio-leiren. Oppildna av dette styrte Trio jentene resten av omgangen. Malene er komt inn på høgre kant etter omlegging og er stadig involvert med sin store fart og intensitet i spelet. Ikkje lenge før pause er det hennas tur til å komma seg fri på sin kant og igjen finn ein god pasning veien ut til Julie som igjen kontrollert styrer ballen i mål med innsida. Flotte avslutningar av storscoraren frå Sandvoll. Ho får seg ein smell på siste scoringa og kviler til langt uti andre omgang. Vi snur 0-1 til 2-1 på 7 minutt og går til pause med noko flatterande ledelse etter svak start. Det positive er at dette skjer gjennom flott spel heilt i tråd med det vi øver på.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjempekamp også av Malene i dag
Andre omgang er mykje jevnare. Vi har bedre kontroll enn i starten av første og slepp ikkje til all verden. Skapar heller ikkje så mykje sjølve, men på ein av mange cornerar er Rosendal målvakt uheldig og ballen går i mål til 3-1 ledelse til Trio jentene. Vi ser ut for å kontrollere dette greit inn, men får ei redusering på ein omdiskutert situasjon. Malene har bytta med Cecilie og er ute og plukkar ballen på 16-meter streken på ein heilt ufarlig situasjon. Dommar dømmer hands og dermed at heile ballen har vore utenfor. Mange meiningar om det og vanskelig for dommar. Frisparket går 'sjølvsagt' i mål utagbart for ein dekka Malene og ny spenning 2 siste minuttane. Dei rir vi av og kan synga seiersdans og feira med is på Bunnpris på vei heim:-)
 
Då står vi fortsatt uten poengtap i haust og har klart å vippa jevne kampar mot Uskedal og Rosendal vår vei etter å ha tapt knepent mot dei i vår. Framgang må vi kalla det:-). I dag syns vi Cecilie, Synna, June Marie og Malene var dei friskaste av jentene. Spesielt imponerte June Marie etter å ha blitt dratt ned på midtbane fra spiss og viser at ho har tatt store steg framover i sitt spel i det siste. Malene og Cecilie viser stor allsidighet gjennom å markera seg både som utespelarar og målvakter. I dag fekk Malene et stort brannsår på skinka, men det var uaktuelt å gå ut. Flott innstilling!
 
Neste veke står Njardar/Tysnes for tur på heimebane.
 
Laget i dag:
Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Tradisjonen tru måtte det feirast med is
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart