Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Gutelaget med tap i god kamp

Klikk på bilete for full storleik
Gutelaget som gjorde ein god kamp mot Trott
 
G16 (1. div): Trio 1 - Trott 1 1-3 (1-2). For tredje gong denne sesongen skulle vi opp mot dei beste 16-åringane til Trott. Igjen stakk laget frå Rommetveit av med alle poenga, men vi spelte ein av våre beste kampar for året og forskjellen på laga var ikkje stor.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Espen som stoppar mot tøffe Trottingar
Vi går til verket i ein 4-3-3 formasjon med trua på at dette er fullt mulig sjølv om vi hadde tapt med 3 og 4 mål mot samme laget tidlegare i år. Vi går på ein smell allerede etter 6 minutt. Først gjer vi vekk ein undødig corner etter utålmodig ballpress. Så får ein Trott spelar stå veldig uforstyrra på  corneren og heada den enkelt i mål. Slik kan vi ikkje opptre på dette nivået uten å bli straffa. Gutane lar seg likevel ikkje knekka av det og prøver verkeleg spela sitt spel i dag og får det til tider til å gli meget bra mot kvalifisert motstand. Utligninga kjem overraskande nok på dødball, då ikkje med hodet, men direkte i mål fra Daniel, fra 30 meter skrått fra mål. Så får vi ein i trynet igjen rett før pause, igjen passivt press på dødball og Trott spelar styrer ballen i hjørnet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Anders trør meir og meir til og god kamp igjen
Gutane får masse ros i pausen for ein spelemessig godt gjennomført omgang der dei skal ha kred for å prøva spela ball langs bakken og får det bra til. Visker vi vekk dødballane står det 0-0..... 
 
Mål i mot like før pause og jaggu kjem det ikkje eit til like etter pause, etter 5 minutt av andre omgang. Her blir vi også akkurat litt for passiv i press som gjer Trott spelaren mulighet til å snu opp og løysne skudd. Siste 35 minutta på stillinga 1-3 imponerer gutane oss. Dei er positive, gjer aldri opp og produserer sjansar. Det kunne veldig fort blitt kjapp redusering til 2-3 like etter 1-3 målet, men det vil seg ikkje. Med mål der kunne det verkeleg blitt ein spennande avslutning på kampen.
 
Vi syns laget gjer ein av sine beste kampar og skal ha masse ros for god gjennomføring. Trott trenarane med Dikkie i spissen var raskt frampå og skraut av Trio laget og at dei var blitt mykje bedre sidan sist møte. Det må vi ta med oss:-)
 
Dommar i dag var Steinar Sæter frå Odda og klarte seg godt.
 
Neste veke er det ut på langtur til Åsebøen og bortekamp mot tøffe Kopervik. Då gjeld det i alle fall å gjera jobben på corner i mot. Sist vi var der slapp vi inn 6 på corner....
 
Laget i dag:
Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, OleMartin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Lars Olderkjær Larsen, Simen H. Lie, Mads Jørgensen, Brynjar Gjerding.
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart