|
Sterk siger på Kuventræ |  | | Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | G16: Os2-Trio2 2-3. Gutane var på ein lang bortetur til Os på søndag, og møtte ein motstandar som låg rett føre oss på tabellen. Men ikkje no lenger, ein kontrollert og fortent siger til Trio. | | |  | | Man of the match: Yaser. |
Kampplanen gjekk ut på å starte med høgt tempo i front, høgt press og stor aggresivitet og vinnarvilje. Kort og godt å ta styringa frå starten. Og som sagt, så gjort. Vi trykka godt på og dominerte. Allereie etter 4 minutt gjekk vi i føring, då Samson tok eit raskt frispark. Sander avslutta på keeper, og Omid fekk ein lett jobb med å trille leiarmålet i tomt bur. | | | Vi heldt fram med god intensitet og styrte det meste. Knapt midt i omgangen vart det 0-2 på ein super overgang. Sander vann ballen djupt på eigen halvdel. Ut til Gaute som med ei perlepasning sendte Daniel åleine gjennom. Han runda keeper og var sikker som banken. | | | Os reduserte på eit frispark, men fem minutt etter hadde vi ny tomålsleiing. Eit langt utspark frå Aref vart stussa av Os og Daniel kom åleine gjennom, nok ein gong. Og nok ein gong var han kontant og nådelaus. Dermed 1-3 midtvegs. | | | Stort sett skryt i pausen, men litt trøbbel sentralt på midten mot slutten. Andre omgang vart meir av det. Mykje rotete og vi var meir ute av posisjon. Mykje ballvinning, men det gjekk som regel rett i balltap. Mykje bytter var litt av årsaken. Simen og Edvin hadde god kontroll i midtforsvaret og sto heile kampen, elles hadde alle sin tørn på benken. 5 innbyttarar er litt i overkant, men vi er mange på laget. Kjekt da. | | | Os reduserte på overtid, men sigeren var aldri særleg trua. Fortente poeng og med kebab på fergekaien i Fusa, var alle samde i at det var ein kjekk tur. No ventar Regy Cup i Haugesund. Kampfakta frå Kuventræ kunstgrasG16: Os2-Trio2 2-3 (1-3) 0-1 (4 minutt) Omid Karimi 0-2 (17 minutt) Daniel Sørtveit 1-2 (24 minutt) 1-3 (29 minutt) Daniel Sørtveit 2-3 (80 minutt) | | | Trio sitt lag: Aref - Yaser, Simen, Edvin, Mathias - Gaute, Samson, Sander, Omid - Daniel, Hekmat. Innbyttarar: Marcus, Said, Mohammad, Jonas, Alen. Moralsk støtte: Espen | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |