Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sterk andre omgang sikra fjerde strake for J13

Klikk på bilete for full storleik
Ny seier for J13 mot Njardar
 
J13, 2. div, Trio - Njardar/Tysnes 6-2 (2-2).Småjentelaget (J13) tok mandag i mot Njardar frå Tysnes til siste seriekamp i første halvdel av høstserien og siste kamp før Regy Cup. Ein veldig svak første omgang blei fulgt opp av ein bra andre omgang og det var nok til å snu 1-2 til 6-2 før Njardar måtte haste avgårde 10 minutt før slutt (??!!).
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott spel og fint mål av Malene på høgrekanten
I forhold til tabell var det topp mot botn i dag, men vi visste at bortelaget ikkje var dårlegare enn at det fort blei jevnt om vi ikkje var skikkelig på og gjorde det vi skulle. Og slik skulle det gå. Etter oppskriftsmessig 1-0 ved Julie etter 5 minutt på gjennomløp, gjorde vi ein usedvanlig svak halvtime. Denne tapte vi 2-0 og det var det ingenting å sei på. Njardar ville mykje meir enn oss og vann duellar åleine mot både 2, 3 og 4 Trio jenter. Då blir det fort trøbbel. Det virka som vi trudde det skulle gå av seg sjølv etter 1-0. Malene er einaste som er på hugget omgangen sett under eitt og kjekt at det er ho som får gleden av å setta inn 2-2 like før pause på ein godt slått corner av Linnea.
 
Klikk på bilete for full storleik
Astrid satte inn dagens flottaste mål
Jentene fekk vel det nærmaste ein kan komma ein 'tordentale' for 13 år gamle jenter i pausen og det virka som alle var enige om at dette kunne vi gjera mykje bedre. Vi skulle begynne med å vinne alle dueller. Malene overtar i mål for Cecilie i andre omgang og Cecilie skulle bli sentral som servitør i sluttomgangen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Servitør Cecilie involvert i det meste i andre omgang
Det er eit heilt nytt lag som kjem på banen i andre omgang. Etter at Cecilie kjem inn på høgrekanten skjer det mykje der og ho er involvert i det meste. Ho vinn først ein corner som ho slår sjølv. Etter litt klabb og babb føre mål krigar Synna ballen inn til 3-2 ledelse. Ikkje lenge etter kjem dagens flottaste mål, igjen frå høgre. Cecilie kjem etter fint spel seg fri og legg hardt inn føre mål. Der kjem Astrid fri på bakerste stolpe og styrer ballen flott i mål. Vakkert:-). No kjører jentene bare på i stort tempo og Malene i mål er ikkje borti ballen i det heile. Cecilie serverer 2 innlegg til og Julie og Emma får notert kvar sitt mål. Det kunne fort gått mot tosifra om vi hadde fått fortsett, men så skjer det utrulige at Njardar trenaren har bedt dommar om å blåsa av 10 minutt før slutt for å nå ei ferje. Kor vanskelig kan det vere å planlegge ei reise til Husnes, verre enn andre veien? Plutselig er kampen over og det endar 6-2 etter ein god avslutning på kampen av Trio-jentene. Gjekk nok sannsynligvis glipp av 2-4 plussmål med den korte sluttomgangen. La oss tru vi aldri får bruk for dei....
 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål igjen på toppscorar Julie
Oppsummert ein heilt middels kamp av jentene. Då er det positivt å vinna med 4.
 
Isaac Jørgensen var dagens dommar og klarte seg som alltid godt. Frå vårt hold savnar vi imidlertid at jentene må få lov å duellere skulder mot skulder i større grad uten å få frispark imot. Dei må lære at det må vera kontakt og at det er tillatt.
 
No er det hospitering på J14 og J16 torsdag og avreise til Regy Cup fredag der jentene skal møte nye lag som Solid, Vadmyra og Hinna i puljespelet lørdag. Det gler vi oss til:-).
 
Laget i dag:
Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen.
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart