Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-Sluttspel i Regy Cup for J13 etter flott spel!

Klikk på bilete for full storleik
Jublande jenter i Haugarhallen etter at A-sluttspelet var sikra
 
Småjentelaget (J13) er i helga på sin første overnattingscup nokon gong. Turen har gått til Haugesund og breddecupen Regy Cup. Jentene har levert varene første dag og er klar for A-sliuttspel og kvartfinale etter 2 sigrar og eit tap i puljespel og feiande flott spel i store periodar.
 
Allerede 08.30 vart det fløyta for første kamp i Haugarhallen, mot eit godt 12-års lag frå Solid. Begge laga prøver spela god fotball og det blir ein veldig god kamp. Vi er noko bedre og sterkare jevnt over og trykker på mesteparten av kampen. Lite uttelling i første omgang, der blei det med 1-0 av June Marie. Det løsnar meir føre mål i andre og etter totalt 3 mål på cornerar, vinn jentene komfortabelt 5-1. Måla i andre omgang av Synna, Julie, Malene og Leah. Ein omgang der Malene imponerte og viste eit forrykande tempo på høgrekanten.
 
Neste motstandar er Vadmyra, som vi før avreise rekna som ein av favorittane til å vinne heile cupen. Dette då dei ledar si 2. divisjonspulje i Bergen med 4 strake sigrar i haust. Og vi møter eit bra lag. Men jentene heng med og vi skapar dei fleste store sjansane. Vadmyra hadde ein svært god kaptein og ein god keeper som begge var med som overårige. Keeper var vanskelig å overlista på 7ar mål og kapteinen var ein offensiv trussel frå midtbane.  Avgjerelsen kjem litt uti 2. omgang, då ein Vadmyra spelar etter vårt syn trør på ballen utanfor vår 16m og dett overende. Dommar ser noko anna og frisparket går rett inn. Ikkje nok med det, balltap direkte frå senter gir også 0-2. Forutan dette uheldige minuttet, er vi fullt på høgde med Vadmyra, men må tåla eit 0-2 tap.
 
Før siste kamp er det klart at siger eller uavgjort gir A-sluttspel og tap gir B-sluttspel. Motstandar Skjoldar/Vikebygd har 1-3 mot Vadmyra og 4-2 over Solid i sine før denne. Jentene er muligens inspirert av at J16-trenarane Lillesand/Madsgård er på sidelinja, for dei leverer eit fyrverkeri av ein omgang. Julie bankar inn 3 og Synna eitt og vi går til pause med 4-0 etter einvegskjøring i 20 minutt og mykje bra fotball. Sentrallinja med Ingeborg, Synna og Julie ser på heile 2. omgang og der er jentene nærmare 6 og 7 og det smell i aluminiumen opptil fleire gonger. Bakover held vi greit unna og vi vinn 4-0.
 
Laget har i 6 x 20 minutt levert sitt beste spel til dato og viser ei flott spelemessig utvikling og ikkje minst bedra fotballforståing. Ekstra ros til dei som har delt på keeperjobben, Malene, Emma, Linnea og Ariana.
 
Ettermiddag og kveld blir brukt på bowling med pizza og muligens noken dansesteg på discoen.
 
Då gler vi oss til spennande kvartfinale på bane 2 i morgon tidlig kl. 10.10. Motstandar er Mastra IL frå Rogaland. Dei blei nummer 2 i pulje A etter 2 sigrar og eit tap.  I seriespel ligg dei midt på tabellen i ei 2. divisjonspulje i Rogaland. Er jentene på samme nivå som i dag skulle her vera muligheter for semifinale,
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart