|
Beintøff dommardebut | | | | | Å vera fotballdommar er ingen spøk, og i allefall ikkje første gongen ein dømmer seriekamp. Men få får kjenne så pass på det som 13-årige Storm Nyrud Uppheim. Debuten hans endte med armbrot! | | | | 11-årskampen mellom Trio Husnes og Røldal gjekk rett nok føre seg i all fred og fordrageleghet, men dommardebutant Storm var uheldig tidleg i andre omgang. Då han skulle jogge bakover, trakka han skeiv og ramla, og tok seg naturleg nok føre med armen. Det endte på verst tenkjelege vis, med brudd i handleddet. Storm trassa smertene og fullførte kampen, før ein tur på helsesenteret vart til tur til Stord sjukehus og gips på armen!
| | | Men Storm tek ikkje skrekken av slikt, han er klar for nye oppdrag i svart. Men verre var det at dette skjedde to dagar før avreise til Regy Cup i Haugesund, det Storm og Trio G13 Husnes skulle delta. Storm vart med på turen, men fekk ikkje lov til å spele. Mest fordi han er keeper :) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |