Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Dramatisk A-sluttspel for J13 på Regy Cup enda med 3. plass

Klikk på bilete for full storleik
J13 med flott 3. plass i Regy Cup
 
Småjentene og støtteapparatet fekk ein spennande, dramatisk og svært spesiell søndag i Regy Cup. Etter å ha fått medhold i protest i kvartfinalen, blei det semifinale mot Stord 2 der det blei et knepent 1-2 tap. Ein flott prestasjon av jentene med 3. plass av 12 lag i J13-klassen.
 
I kvartfinalen søndag morgen skulle vi opp mot Mastra IL frå Stavanger sida. Vi går ut i samme stil som dagen før og dominerer kampen fullstendig frå start. Fullt fortent er det då Julie setter kontrollert inn 1-0 til jentene i kvitt for anledningen. 
 
Mastra er eit fysisk sterkt lag og så lenge vi stod opp i duellane var vi klart bedre enn dei. Gradvis utover i andre omgang imidlertid, dett vi ned eit par hakk og Mastra er bedre enn oss i sluttomgangen. Den omgangen er den desidert svakaste vi gjer heile helga, då hang vi ikkje sammen som lag. Det måtte bli utligning og det blei det. 1-1 og direkte straffespark konkurranse. 
 
 
Og det var her det skulle bli drama. Vi gjer dommaren uoppfordra ein lapp med navna på dei 5 som skal skyta dei 5 første og også navn på dei som evt skal ta straffe 6-8. Etter 5 straffar står det 4-4 og vi må fortsette med straffe for straffe. Då Mastra er på vei fram for å skyte nummer 7, drar vi kjensel på at det er ei som allerede har tatt straffe. Også straffe nummer 6 blei tatt av ei som hadde skutt før. Vi gjer oppmerksom på at det må nye spelarar fram og til slutt ender det med tap for Trio. 
 
Underteikna hadde ikkje tenkt å protestera, men etter litt rådslaging i lagledelsen, bestemmer vi oss for at feilen var såpass graverande og avgjerande (og ikkje minst urettferdig) at vi ville påpeika dette i ein protest så fekk andre vurdera om det var rett eller galt. Beslutning blei at straffekonken måtte gjerast på nytt i henhold til regelverk og den vinn Trio 3-2. Ikkje ein kjekk måte å vinna på, men skulle meine at det var rettferdig (og det har forsåvidt alle vi har snakka med meint også).
 
All støyen rundt dette tok fryktelig mykje energi både av spelarar og trenarar. På toppen av dette var det ca 35min til semifinale skulle spelast. I staden for oppvarming måtte jentene avgårde for å få i seg mat og bytte til raude drakter for møte med Stord 2. Ikkje gunstig.
 
Semifinalen kunne egentlig ikkje bli ein storkamp av oss med den uheldige inngangen. Syns jentene med tanke på dette gjer ein heilt OK kamp mot det unge Stord 2 laget som spelte si livs turnering. Det enda til slutt med 1-2 tap for oss og finaleplass for Stord laget. 
 
Alt i alt ei super helg for alle, både store og små. Jentene viser fortsatt stor framgang og spelar sin beste fotball nokon gong på laurdagen. Men som heilt naturlig er, så svingar kvaliteten litt ennå. No gjelder det å løfta vårt svakaste nivå. Oppførsel og adferd heilt topp og alle føresette gler seg nok allerede til neste overnattingscup.
 
Desse var med:
Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen.
 
 
Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart