Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøff motstand for G16-2

Klikk på bilete for full storleik
Bak frå venstre Omid Karimi, Edvin Vågen Bjørgvik, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Simen Hellevik Lie, Alen Foric, Aref Hosseinizada, Gaute Thorkildsen. Framme Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng, Said Mohammadi, Mohammad Barakzai, Hekmatullah Ahmadi, Yaserullah Tarakhel, Marcus Nilsen Mathisen.
 
Gutane deltok på Regy Cup i helga og kom litt til kort mot mange sterke lag som deltok i cupen. Det endte med 4 tap og ingen scoringar for vår del, men elles ei kjekk og sosial helg i lag med tre andre lag på Trio, som alle budde på same skule.
 
Motstandar på Djervbanen i første kamp var Bryne 2, som spelar i 1.divisjon i Rogaland. Dei var eit solid, klokt og velspelande lag. Vi spelar i periodar bra og skapar ein del, utan å få utteljing. Bryne scorar eitt i kvar omgang og vinn fortent 2-0. Dei var eit lite hakk betre enn oss, ikkje minst var dei betre organisert. Det seier litt om nivået på G16-laga i cupen når dette laget som hevdar seg i 1.divisjon i Rogaland, måtte ta til takke med B-sluttspel!
 
For dei to neste laga vi møtte i gruppespelet var dei to laga som skulle ende opp i A-finale. Norheimsund var eit jamnt besett lag med nokre veldig raske spelarar offensivt. Vi gjorde ein god første omgang, 0-1 midtvegs etter jamnt i spel. Men ein heller svak andre gav sluttresultat 0-5. Å byte 5 spelarar i pausen, slik vi gjorde i alle kampane, gjer at det er vanskeleg å halde strukturen i laget. Men er vi 16 mann på cup, så er vi det.
 
Siste kampen var mot Haugar, som faktisk vart puljevinnar. Det var det laget som virka mest overkommeleg. Etter ein tidleg baklengs på langskot der keeper fekk sola i augene, køyrde vi førsteomgangen og hadde bra trykk mot Haugar. Men det ville seg ikkje framom mål. I staden starta vi andre omgang med ein fæl forsvarsglipp og då datt vi fullstendig i hop. 0-6 til slutt, huff!
 
Dermed B-sluttspel, og der vart Bogafjell for sterke tidleg søndag morgon. Det endte 0-3 etter ein heller svak kamp av oss. Vi møtte eit fysisk sterkt lag og litt for få av oss klarte å manne seg nok opp. Men kjekt at Samson gjorde det meir enn vi er vant med, han var vår bestemann i den kampen.
 
Ergo tidleg heimreise, men ei kjekk helg med snille gutar. Takk til alle som bidrog med transport att og fram. No ventar seriekamp heime mot Moster på laurdag. Ingen grunn til å ta lett på den heller. Sjølv om Moster ligg sist på tabellen, har dei scora mykje mål i haust.

- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart