|
Fortent tap | | | | | G16: Trio2-Moster 2-7. Underteikna sa det i garderoben før kamp, at om kvalitet, innsats og fokus var som på siste treninga, så kom vi til å tape klart for Moster. Det var det få som trudde på. Men også få som tok på alvor. Om lag same beskjed på 1-2 midtvegs etter ein omgang i sterk motvind, var det heller ikkje gehør for. Då taper vi lett fotballkampar. | | |  | | Erik har hatt fin utvikling og var vår bestemann i dag. |
Vi snakka før kamp om at Moster hadde scora mange mål i haust, og at dei som spelar 9arfotball er farlege med ein god skotfot på alle frispark på midtbanen og framover. Det måtte vi unngå. Så vi laga berre 5 frispark i farleg posisjon gjennom kampen... Det gav oss to baklengs. ' Neste fokus var pasningskvaliteten. Her lagar vi målsjansar i mot av støttepasningane våre og sikrar balltap på midten med dribling på tvers eller dårleg pasningskvalitet framover. Vanskeleg speleforhold, for all del, men å prøve å gjere medspelarane gode med å halde ballen på bakken og slå gode pasningar, må vi alltid gjere. Underteikna er lite fokusert på resultat, men meir interessert i prestasjonen. Og her leverer vi dårleg i dag. | | |  | | Yaser går som vanleg føre med stor vilje og duellstyrke. |
I tillegg er vi ikkje gode nok som lag når det buttar i mot. I staden for å brette opp ermene, trø til og backe kvarandre opp, blir fokusen hjå mange at 'eg burde spelt spiss, ving eller kva som helst anna'. Slikt bør trenaren få styre, så brukar resten kreftene på det vi kan gjere noko med. I dag skulle vi klare oss utan nokre solide spelarar, som også er viktige for å halde ting i saman og løfte medspelarane opp nokre hakk. Det har vi godt av å prøve i blant. Men ikkje mange nok klarte å ta ansvar i denne kampen. | | |  | | Gaute scora målet han har drøymd om sidan dåpen. |
Jaja, nok negativt. Første omgang var jamnspelt. Etter eit tidleg baklengsmål, har vi fleire gode sjansar ved Alen på innlegg frå Omid, Erik med godt skot over, Alen like utanfor på corner, Omid heilt åleine på bakre stolpe og Erik igjen etter herleg frispeling frå kaptein Gaute. Men det vart med Gaute si flotte utlikning med eit skot opp i hjørnet frå over 20 meter. Den får nok eit heilt kapittel i Gaute sin biografi, som kjem ut på nyåret. | | | Men 1-2 midtvegs etter eit frisparkmål. Det var ein omgang gutane ikkje var særleg nøgde med, men no skulle det ordne seg, for no hadde vi sterk medvind. Trenaren prøvde å peike på at slikt ikkje kjem av seg sjølv. | | | Det gjorde det heller ikkje. For så vidt bra trykk første ti minutta, men då Moster sette inn 1-3 på ei kontring, gjekk det meste i fisk etter det. Derifrå gjer vi dei mest elementære feil og sjølv om Moster ikkje har så veldig mange målsjansar, så får dei servert nok til å score både tre og fire gonger til. | | |  | | Luftens baron: Vegar Teigen! |
Nokre sjansar har vi også. Said får to kjempestore åleine med keeper, som bømlakeeperen meisterleg reddar og Gaute får avslutte frå to meter etter corner, utan at det lukkast. Men den eine som lukkast i andre omgang var Vegar T, også kjent som luftens baron. Han nikkar inn ei flott redusering på ein god cornerserve frå Vegard F. ' Vel vel, vi kan betre. Heile tre veker til neste kamp, så her gjeld det å stå på. Meir fokus og kvalitet på trening, så blir dette bra. For frammøtet er stort sett upåklageleg :) Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio2-Moster 2-7 (1-2) 0-1 (6 minutt) 1-1 (24 minutt) Gaute Thorkildsen 1-2 (27 minutt) 1-3 (50 minutt) 1-4 (52 minutt) 1-5 (60 minutt) 1-6 (63 minutt) 2-6 (68 minutt) Vegar Teigen 2-7 (75 minutt) | | | Dommar: Thomas Størksen, Halsnøy. Ingen kort. | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Yaserullah Tarakhel, Edvin Vågen Bjørgvik, Mohammad Barakzai (Said Mohammadi frå 30 minutt), Omid Karimi (Vegar Teigen frå 50 minutt), Gaute Thorkildsen (Mohammad frå 68 minutt), Samson Nyrud Uppheim, Erik Thomas (Vegard Fausk frå 50 minutt), Alen Foric (Marcus Nilsen Mathisen frå 40 minutt). | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |