Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J12 på tur

Klikk på bilete for full storleik
 
J12 har vore på tur til Norheimsund og Øystese. Der spelte dei to kampar på fjorten timar. 
 

J12 har i haust fått nokre nye lag å måla krefter mot. Blant anna Norheimsund og Øystese. Når vi då var sett opp med bortekamp mot begge fann vi ut at då kunne vi kombinere dette med ein overnattingstur sidan vi ikkje har vore på anna cup enn Rema 1000 Husnes Cup. 

Så fredag reiste me til Norheimsund og kamp kl 19. Det vart ein jamn kamp tross av at dei hadde ein svært god spiss som laga 5 mål på oss. Vi låg under heile kampen både 3-1 og 5-2, men vi kjempa oss tilbake og reduserte til 5-4 på slutten. 2 omgangen var veldig bra og mykje godt spel. Fredags kvelden overnatta me i klubbhuset til Norheimsund som vi hadde fått låna gratis!! Det vart servert pizza og litt godsaker etter kamp. Tross tapet var det god stemning. Laurdag vakna vi opp til solskin og flotte forhold. Når pakkingen og utryddingen var unnagjort var vi klar for avreise til Øystese og kamp kl 11.  Øystese opna best og leia 1-0, men då vakna vi og overtok spelet og gjekk opp i 2-1. I denne perioden leverte vi flott spel og viser at vi er begynt for alvor å forstå lagspel der både bevegelser og passninger begynner å sitte. Dessverre får vi eit «drittmål» mot oss før pause. 2 omgang begynner vi bra og fortsetter egentlig der vi slapp i 1. Men jentene begynner dessverre å bli trøtte og det var nesten vondt å sjå korleis enkelte kjempa med å fullføre kampen. Men vi hadde kun 9 spelarar med oss og når vi då spelar 9er fotball er dette nesten umulig å gjennomføre 2 kamper på 14 timer. Vi fekk dessverre nokre kjedelige forfall i siste liten. Og dei som vi vanlegvis 'leiger' inn var opptatt. Så at vi fekk 2 mål imot oss på slutten var vel egentlig berre å forvente. Så det vart eit knepent 4-2 tap her og. Vi har spelt 5 kamper i haust og 4 av desse har endt med tap. I alle kampene er vi absolutt på høgden spelemessig, men det har dessverre endt med tap.

Sjølv med 2 litt bitre tap i helga må vi heva hovudet å sjå kva vi har gjort. Vi har fullført 2 kamper på 14 timer utan innbyttere og ja vi fekk nokre smeller underveis , men stod på vidare. Dette er ein svært viktig egenskap i fotball!! Vi er for alvor begynt å spela og kombinera, ja vi er til og med begynt å venda spelet!! Sjølv motstandaren var imponert over kor bra me kombinerte og spelte ball i laget. Dette er gode og viktige ting å ta med seg. Og det er fortsatt nokre enkle ting me kan gjera annleis som vi vil få veldig efffekt av. Så vi trenarar er veldig fornøgd med innsatsen og utviklinga laget har vist spesielt i helga.

 

Sportslig helsing

Kjell M Eide

Karen Kloster

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart