|
Super kamp av J13 ga 6-1 seier borte mot Uskedal |  | | Jublande glade jenter etter 6-1 seier i Uskedal onsdag kveld |
| | | | J13: Uskedal - Trio 1-6 (0-2).J13 klarte tidlegare i haust for første gong å slå det gode laget til Uskedal, den gong knepent 2-1 heime. I kveld var det bortekamp og jentene storspelte og levna jentene i grønt ingen sjanse denne kvelden. Til slutt enda det med 6-1 seier til Trio jenter som var på hugget etter noken veker uten kamp. | | |  | | 3 nye mål av Julie i kveld | Vi går offensivt ut med høgt press og etter 7 minutt betaler det seg då Julie bryt og kjem åleine gjennom. 1-0. Bare 5 minutt seinare doblar Emma ledelsen etter eit godt angrep på høgresida der Malene gjer forarbeidet til målet. Julie har ein gigantsjanse til å avgjera kampen like før pause, men velger kraft før presisjon åleine med keeper og ballen går i tverrligger-ned. 2-0 til pause etter ein god omgang av våre jenter, men Uskedal er ikkje ufarlige og vi må vera på. Dette er og tema i pausen.
| | |  | | Årsbeste av ei stadig bedre Emma |
Vi får det etterlengta 3-0 målet etter ein corner knappe 10 minutt ut i andre omgang. Fram til då hadde Uskedal komt meir med og fått etablert meir spel. Synna er resolutt når ballen dett ned føre ho og knalla den inn i buret. Litt kommunikasjonsproblem og lite besluttsomhet bak gjer at Uskedal reduserer like etterpå. Heldigvis klarar vi å auke til 4-1 bortimot direkte og reduseringa får ikkje den ønska effekten for heimelaget. Julie puttar etter assist frå Emma. Deretter er det Synna som serverer vår toppscorar og 5-1 målet er det siste Julie gjer i dag. Ut og kvile til kamp i morgen:-). Ariana gjer så alt sjølv. Ho vinn først ein duell etter ei klarering frå Uskedal. Deretter ser ho ikkje anna råd enn å skyte. Ballen får ein rask sprett i det fuktige kunstgraset og skyt fart inn i hjørnet.
| | | Ein flott gjennomført kamp av heile laget, som viser igjen at vi har tatt store steg gjennom sesongen. Då er det ny kamp allerede i morgen, då turen går til Stord og Langeland kunstgras for kamp mot Stord 2. Så her er det bare å nullstilla og gi jernet igjen i morgen kveld.
| | | Laget i dag: Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |