|
Sterk borteseier til J13 mot Stord 2 |  | | Sjette strake seieren for J13 borte mot Stord 2 torsdag kveld |
| | | | J13: Stord 2 - Trio 0-5 (0-3). Småjentene var torsdag kveld til Stord for andre bortekamp på 2 dagar. Jentene leverte igjen og vant 5-0 etter god laginnsats, godt forsvarsspel og scoringsshow av lysluggen Julie Soma Ersland. | | |  | | Dagens Trio jente med 4 mål blei Julie | Kampen åpna jevnt og begge lag brenn eit par store sjansar. Så, på sin sjanse nummer 2, lukkast Julie og sett ballen kontrollert til sides for målvakt. Assist June Marie. Det var viktig å få første målet og det kom heldigvis til oss. Fortsatt jevnt fram til over halvvegs i omgangen. Då sett Julie inn 2-0 etter forarbeid Synna og berre 6 minutt etter aukar ho til 3, igjen med bistand frå June Marie. Alle måla kjem som resultat av at ho er raskare enn Stord-forsvaret og gjer gode avslutningar når ho kjem seg fri. Behagelig 3-0 ledelse til pause.
| | |  | | Flott keeperspel av Malene i første omgang |
Vi er enige i pausen om at det er jevnare enn resultatet utpå banen og at vi må jobba like hardt i andre omgang. Vidare nullstilla og ha mål om å vinna også andre omgang.
| | |  | | Scoring i går og godt keeperspel i dag av Ariana |
Julie treng berre 2 minutt av andre omgang for å punktera kampen endelig. Flott pasning frå Astrid frå forsvarssona, vekk med ei Stord jente og pang i mål. 4-0. Vi rullerar mykje på laget allerede frå før pause og Julie tar sin kvilepause etter 4-0. Vi slit med å bryta gjennom uten hurtigheten hennas. Men 8 minutt før slutt er ho på plass igjen og heilt fri. Ho blir felt i det ho skal setta ballen i mål og Emma trillar ballen enkelt i hjørnet frå straffemerket.
| | | Dagens Trio jente blei utvilsomt Julie med 4 mål og skaffa ein straffe. Men heile laget gjorde ein formidabel innsats og framstår med god struktur. Vi tok i pausen også ein prat og justering med hensyn til avstand mellom markeringsspelar og sikring i midten bak. Kjekt å sjå koss dette slo ut i andre omgang, der dette fungerte heilt perfekt. Ros også til Malene og Ariana som sporty delte på keeper jobben, sjølv om dei likar best å spele ute. Flott keeperspel og innstilling jenter!
| | | Takk til Roald Hammer som stilte direkte fra jobb i Nordsjøen på sjåføroppdrag på Trio bussen og glitrende LIVE-oppdatering til dei heime.
| | | Då er det kamp-fri neste veke for J13, før vi avsluttar seriespelet med bortekamp mot Njardar/Tysnes 30/10 og heimekamp mot Rosendal 2/11.
| | | Laget i dag: Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |