|
Endeleg siger mot Trott! |  | | Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | G16: Trio2-Trott2 1-0. Gjennom fire år i ungdomsfotballen har 2001-gutane aldri lukkast i å slå Trott! Underteikna har rekna i hop at det har vore 12 oppgjer, og kun tap, utanom ein uavgjort i treningskamp i vinter. Men som regel spelar vi jamnt med dei, og i dag skulle vi vinne! Vilje, guts, duellar, løpsstyrke og aggressivitet framover i banen skulle syte for det. Og sanneleg klarte vi det. Fullt fortent, og avgjort på ei perle i vinkelen frå Samson. | | | Vi er flusst av folk i troppen og mønstra heile 16 mann. Ein mindre enn planlagt, då keeper Tormod var sjuk og ikkje kunne stille. Han hadde også tenkt å lærekøyre då vi skulle stå for henting og bringing av Trottarar frå og til Sundekaien, men det gjekk i vasken :) | | |  | | Edvin var banens beste. |
Det gjorde ikkje kampen. Vi skulle ut å bestemme og vi tok tak i det frå start. Veldig solid spel bak og god kontroll defensivt i første omgang. Framover skapte vi litt for lite, sjølv om vi hadde eit spelemessig overtak. Mohammad fekk vår største sjanse etter herleg forarbeid av Mathias, men keeper rydda opp. Og rett før pause hadde Trott ei kontring der dei var heilt gjennom utan å score. 0-0 midtvegs etter ein sjansefattig omgang, der vi hadde vore hakket betre. | | |  | | Samson vart matchvinnar med eit fantastisk langskot. |
I andre omgang fekk vi også meir til framme i banen. Nokre retteleg flotte angrep bydde vi på. Yaser spelte opp Mohammad, som la eit herleg innlegg til Omid, som kom inn på bakre stolpe. Litt for heit i toppen i avslutninga, hadde han dempa først, hadde vi vore i føring. Espen og Omid hadde også kvar sin sjanse, før eit nytt klasseangrep endeleg gav scoring. Eit strålande raid av Mathias, der innlegget vart delvis klarert. Men berre ut til 25 meter, der Samson sto klar med slegga og sendte ballen rakt opp i vinkelen. Praktmål, nett so på TV! | | | Vi heldt fram med å føre kampen og eit klasseangrep med Mathias og Gaute på høgresida endte med innlegg der Espen smelte ballen i tverrliggjaren og ned. Jonas var framme og scora på returen, men dommaren blas for offside. | | |  | | Mathias imponerte. |
Det var først i dei tre overtidsminutta at Trott klarte å setje eit trykk på oss. Men då kom det kraftig. Eit frispark frå 18 meter redda Aref meisterleg, og rett etter hadde Edvin ei matchvinnarblokkering i feltet. Herleg! Å ofre seg slik er det som skal til. Og Edvin var vår bestemann i dag, med stålkontroll i lag med Simen sentralt i forsvaret. Offensivt var Mathias rasande god i dag. Når farten blir brukt framover, er han ikkje god å stoppe. | | | Då ligg vi på andreplass på tabellen når vi har ein kamp att å spele. Slår vi topplaget Nore Neset borte neste helg, så inntek vi tabelltoppen, dog neppe for godt. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio2-Trott2 1-0 (0-0) 1-0 (68 minutt) Samson Nyrud Uppheim | | | Tilskodarar: 18 Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal Ingen kort.
Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Jonas Teigen, Edvin Vågen Bjørgvik, Simen Hellevik Lie, Yaserullah Tarakhel - Gaute Thorkildsen, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Erik Thomas - Alen Foric, Said Mohammadi. Innbyttarar: Mathias Gjelseng, Vegard Fausk, Mohammad Barakzai, Omid Karimi, Marcus Nilsen Mathisen. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |