Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årets første siger!

Klikk på bilete for full storleik
Bak frå venstre: Madel Grønstøl Gausvik, Luwam Kahsay, Madel Bruntveit, Emma Weberg Kaldestad, Emma Heggøy. I midten: Siren Kjerpeseth Rusten, Helene Vågen Eikenes, Emilie Askeland. Framme Mia Ingvaldsen Høydahl og Nadine Morstad. Foto: Wendy Morstad.
 
J14: Stanghelle/Dale/Vaksdal-Trio 2-3. Vårt nystarta småjentelag er i dytten for tida. Nokre nye jenter har kome til, så stallen er blitt større. På torsdag rysta jentene sterke Odda i store delar av kampen, og på laurdag kom endeleg årets første siger. På ein av sesongens mange lange borteturar, nærare bestemt på Dale, vann jentene 2-3.
 
God kamp på torsdag
I vår tapte jentene heile 13-0 mot sterk motstand i Odda. Det var difor venta ei tøff dyst på Kvednabekkjen torsdag kveld. Trass i at førsteomgangen var jamnspelt, gjekk Odda i føring. Men etter eit flott angrep kom Nadine gjennom og utlikna. Og før dommar Tarmo Tars blas for pause, hadde Triojentene også lagt på til 2-1 ved Emilie.
 
Jentene jobba med stor glød og heldt stand lenge utover i andreomgangen også. Odda var ein smule rysta. Men dei har fleire særs gode spelarar og til slutt klarte dei å utlikne. Og då var kreftene slutt for Trio. Odda sette inn sluttspurten og vann til slutt 2-7. Like fullt, ein veldig kjekk kamp og imponerande innsats av Triojentene.
 
Difor ekstra kjekt at det endeleg vart ein trepoengar to dagar seinare. Her er referat frå lagleiar Beathe: 
Stanghelle/Dale/Vaksdal-Trio 2-3
Trio jenter 14 spelte i går mot Stanghelle. Etter ein haust med masse motgang hadde vi havna nederst på tabellen og funne ut at no måtte det jo bare gå ein veg. Og etter kampen mot Odda på torsdagen der vi leda etter første omgang mot dei som ligg øverst på tabellen og sjølv om vi tapte denne kampen, så var det eit nytt lys som var tent i jentene då vi no på lørdag satte kursen mot Dale for oppgjeret mot Stangehelle, som vi har spelt ein uavgjort og tapte mot i sist kamp.
 
Med i bilen hadde vi og fått med tre nye jenter på laget. Madel Bruntveit, Madel Grønstøl og Siren Kjerpeseth Rusten hadde nett så vidt svart ja til å vera med på laget før dei blei dratt med på kamp ,og for første gong spelte vi med eit fullstendig lag slik at vi slapp å låne spelara frå jenter-13.
 
Etter bare 10 min inn i første omgang klarte Nadine å lure keeperen slik at ho kunne bare trille ballen forbi og inn i mål. Luwam er som ein mur i forsvar og sender alle ballane Stanghelle prøver å få inn mot vårt mål langt tilbake over midstreken. Emma Weberg er også til god hjelp i forsvar og klarer til alle sin og ikkje minst
Stanghelle sin keepers overraskelse å sende ballen nesten frå midtbanen og i mål.
 
Emma Heggøy jobber godt på venstre side å lager mange gode sjanser mot mål og det står 2-0 til Trio til pause.
 
Jentene skjønar at dei ikkje skal ta seieren på forskudd og går inn i andre omgang med kamplysten tent. Då det brått blir eit frispark til Stanghelle som endar i mål. No har jentene frå Stanghelle fått blod på tann og publikum har plutseleg vakna og ikkje lenge etter står stillinga 2-2. Trio jentenebyrja å stressa, denne kampen vil dei vinna og dei spelar godt og vinn dei fleste ballane og når det gjenstår bare 6 min, klarer Mia å skyta draumemålet frå midtbanen sånn at kampen endar 3-2 til Trio og jentene kan endeleg dra heim med den første velfortjente seieren i boks!
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart