Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tabelltopp for G16-2

Klikk på bilete for full storleik
God innsats i siste kamp av Trio 2. Her med lagbilete a la Wales.
 
G16: Nore Neset-Trio 2  1-3. Gutane gjorde unna årets siste seriekamp laurdag borte mot tabelleiar Nore Neset. Med siger ville vi passere dei på tabellen, og det klarte vi greitt. Ein kamp utan det store spelet, men mange duellar og kjemping, og vi kontrollerte etter at heimelaget fekk ein mann utvist.

 
Dårleg start frå vår side og heimelaget førte kampen første ti minutta. Då fekk dei også ei scoring, etter gjennomløp mellom Mathias og Edvin frå venstresida deira. Etter kvart kjempa vi oss meir inn i kampen. Det var mykje kjemping og sliting, og ikkje det heilt store spelet.
 
Kvarteret før pause utlikna Daniel etter ein god corner frå Gaute. Sjansefattig også etter det, men kort før pause sto Said plutseleg åleine på 10 meter. Fekk ikkje dreis og dermed 1-1 midtvegs.
 

I pausen snakka vi om enda meir vinnarvilje og trøkk i duellane, og å raskt omstille frå forsvar til angrep, og motsett. Vi tok tak i omgangen og Said fekk ein stor sjanse då Sander fann han i bakrom, men keeper rydda opp i siste liten. Men då Daniel tok fram danseskorne og dribla både den eine og den andre rundtomkring i 16-meteren, før han banka ballen opp i nettaket, då var det ingen sjans. Kjekt for Daniel, som har slite veldig med skader i år og faktisk berre spelte sin andre seriekamp i haustsesongen. 

 

Heimelaget fekk seg eit gulkort for ei alldeles for brutal takling, og medan han sona sine fem minutt, hadde både Sander og Daniel gode skot, som nesten gav utteljing. Og ikkje lenge etter at spelaren hadde kome innpå igjen, pådrog han seg eit nytt gult, og dermed tidleg dusj. Det rett nok etter at ein av våre hadde fyrt han opp med nokre stygge kommentarar, og slikt skal vi halde oss for god for. Det vart beklaga etter kamp, men slikt skal vi unngå i framtida.

 
Klikk på bilete for full storleik
Banens beste: Daniel.

Uansett, derifra og ut styrte vi kampen. Vegard, Daniel og Alen leverte eit perleangrep, som diverre vart avblåst for offside i siste liten. Sidan hadde Tarmo ein susar som vart slått til corner, og den heada Gaute like over. Kort etter fekk heimelaget ein kjempesjanse med ei heading i stolpen, men marginane var med oss. Vi gjekk i staden meir eller mindre rett opp og kontra inn 1-3. Daniel tuppa ballen frekt forbi siste mann og var kald åleine mot keeper. 3 mål og man of the match!

 

Då er det slutt på seriekampane for i år, men vi satsar på å halde oss i aktivitet framover. 

Kampfakta frå Nore Neset idrettsplass

G16: Nore Neset-Trio2  1-3 (1-1)
1-0 (6 minutt)
1-1 (26 minutt) Daniel Sørtveit
1-2 (55 minutt) Daniel Sørtveit
1-3 (71 minutt) Daniel Sørtveit
 
Raudt kort: Nore Neset etter 58 min, to gule.
 
Trio sitt lag:
Aref Hosseinizada (Tormod Sund Vårdal frå 41 min), Mathias Gjelseng (Erik Thomas frå 20 min, Mathias frå 60 min), Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Vegar Teigen (Alen Foric frå 41 min), Gaute Thorkildsen, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Said Mohammadi (Vegard Fausk frå 50 min), Sander Dolonen Brækken, Daniel Sørtveit (Said frå 72 min).
 
-Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart