|
Trio J13 seriemester 2. div avd 6! |  | | Glade jenter etter at puljeseieren er sikra |
| | | | Trio sitt 13-års lag for jenter har vist ein formidabel utvikling gjennom sesongen. Etter å ha blitt nr 4 av 6 og tredjebest av laga frå Kvinnherad i vårsesongen, har jentene vore direkte imponerande i haust og har feia all motstand av banen. Med ein kamp igjen å spela er vi allerede vinnar av pulja og klar for spel om 'meister tittel' i J13 2. div i Hordaland i kamp med 5 andre puljevinnarar. | | | | Etter 6 spelte kampar leda Trio jentene med 6 poeng og hadde 19 mål bedre målforskjell enn Rosendal på andre plass. Då Njardar/Tysnes trakk seg frå sin heimekamp mot oss denne veka forsvant siste rest av teori og puljeseieren var i boks. 7 strake seirar og markant utvikling og framgang av heile laget ligg bak dette. | | | Vi har ein utsatt kamp mot Rosendal igjen, og den skal spelast på Kvednabekkjen førstkommande TORSDAG KL. 18.30. Kjekt for jentene om mange hadde stilt opp for å heidra dei i siste heimekamp for året og forhåpentligvis sjå ein god fotballkamp mellom 2 sterke småjentelag, begge i flott utvikling denne hausten. Få med slekt og venner på kamp denne kvelden! | | | Søndag 12/11 skal Trio jentene spela semifinale om KM-tittel 2. div J13. Sannsynleg motstandar er sterke Søfteland/Nore-Neset som har gått gjennom utan poengtap i haust og var ett poeng unna opprykk til 1. divisjon i vår. Dei skal først møta Sotra 2, men ser i utgangspunktet ut som ein favoritt i dette sluttspelet ut frå resultat tidlegare i år. Vi skal møta vinnaren. Skulle vi vinna, blir det finalekamp helga etter. Spennande:-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |