|
2017-sesongen for Trio G16-2 |  | | Offisielt lagbilete av Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | Her er ei oppsummering av sesongen for andrelaget vårt på G16. Vi har hatt det veldig kjekt i år, hatt veldig mange treningar, blitt fleire spelarar, hevda oss bra i kampane og på Norway Cup, og også fått brynt oss på betydeleg betre lag enn oss sjølve på eit par cupar i år. Til saman høyrest det ut som ein god fotballsesong. | | |  | | Aref begynte på laget i slutten av januar. |
Auke i antal spelarar! Frå å vera om lag 30 spelarar ved nyttår, er vi i Trio no oppe i 32 aktive i 15-16-årsklassen for gutar. Desse har vore fordelt på to lag, med godt samarbeid i mellom gjennom sesongen. Medan mange andre klubbar slit med fråfall i desse årsklassane, har vi altså blitt fleire. Berre tre har slutta gjennom sesongen (to frå førstelaget og ein frå andrelaget), og vi har fått inn 4-5 nytilflytta afghanske gutar, i tillegg til dei to vi fekk med i fjor. Samstundes viser Erik at det går an å bli ein habil spelar sjølv når ein startar på fotball når ein fyller 15 år. Veldig kjekt! | | |  | | Erik (15) begynte på fotball i vinter og har hatt veldig fin utvikling. |
Førstelaget tel no i haust 13 mann, medan resten tilhøyrer Trio 2, og vi er altså blitt ei ganske stor gruppe. Nokre er her litt meir sporadisk med, men i eit breddetilbod som vårt er det rom for alle. Graden av seriøsitet har dog vore litt mindre på Trio 2. Viktig med fokus når ein er på trening, men også viktig å ha det kjekt. Og ein kan som regel få til begge deler. Mengden kondisjonstrening, organisering og taktikkprat har vi prøvd å begrense litt. | | |  | | Kaptein Gaute er kongen av treningsframmøte. |
Høg aktivitet gjennom sesongen Det må seiast at mange på laget har eit veldig bra treningsframmøte. Vi har stort sett hatt 3 treningar i veka heile sesongen og vi driv med trening heile året. Underteikna har ikkje tru på å ta fri når skuleferie eller haustmørke melder seg. Nokre har hatt høve til å trene med begge lag og Gaute og Samson har begge 136 treningar så langt. Det er ofseleg mykje. På årets første 10 månadar har vi hatt 112 eigne treningar med Trio 2. Gaute har flest, og Aref har 97 treningar etter at han starta på laget i slutten av januar. Og i sommar dukka det opp ein ny kar (Said), som har vore på bortimot alle treningane sidan han begynte. | | |  | | Wales er nesten like gode som oss på lagbileter. |
Kjekk kampsesong På Trio 2 har vi i sesongen spelt 20 kampar, inkudert treningskampar, og totalt har 23 gutar vore i aksjon. Vi kan notere 10 sigrar, 5 uavgjorte og 5 tap, det er ein grei statistikk. Gjennom sesongen har vi lånt ca tre frå førstelaget pr kamp, av dei gutane som har tilhøyrd vår gjeng i tidlegare år (2001-gutane). Dette har vore viktig for det sosiale for gutane. Prestasjonane i kamp har vore litt varierande, men i snitt ganske bra. Faktisk har vi tapt meir enn vi har vunne heime, medan vi på bortebane har vunne heile 5 av 7 seriekampar(!) | | |  | | Daniel er toppscorar trass i å ha vore mykje skadeplaga i år. |
Forutan Rosendal sitt lag, som var altfor sterke for 3.divisjon og gjekk opp i 2.divisjon etter vårsesongen, så har det vore ein veldig kjekk og jamn serie. Vi har tapt heime for jumbo Moster, og vi har vunne borte mot topplaget Nore Neset. Her er det kor påskrudde vi har vore sjølve som har avgjort. I skrivande stund toppar vi faktisk tabellen, men Nore Neset kan passere oss om dei vinn hengekampen sin. Vi har hatt nokre lange turar, med 4 gonger til Os som det lengste. Og samtlige kampar på helg, der burde fotballkretsen klart å lage eit betre oppsett med meir kampar på kvardagar. | | |  | | Vill jubel for Trio2 etter å ha vunne 2-1 i spel 6 mot 7 i store delar av kampen. |
Cupdeltaking Vi har totalt delteke i 4 cupar i år. Som alltid Trio Cup i Husneshallen, og sidan har vi møtt knallsterk motstand både i Zinken Cup i Odda (første gong utandørs) og på Regy Cup i Haugesund i haust. I mellom der var årets store høgdepunkt Norway Cup i Oslo. Det var første gongen våre gutar deltok der og vi hadde jobba dugnad i halvanna år i forkant for å få det til. Vi reiste med 21 spelarar og stilte difor to 7arlag. Her kom eitt lag til A-sluttspel og det andre var også veldig nære å kome dit. Sportsleg varta særleg eine laget opp med beste fotballen vi har sett av gutane nokon gong. Men enda viktigare var det sosiale med turen, der gutane og ein god bøling foreldre og familie hadde ei veldig kjekk veke i lag. Satsar på vi får til tur neste år også :) ' Her (Trio1) og her (Trio2) kan du lese referat frå Norway Cup-turen. | | |  | | Ny mann: Yaser hadde ikkje spelt fotball før han begynte med oss i mars, men er no fast på backplass. |
Underteikna har vore trenar for Trio 2, med Gro Aakre som lagleiar. Takk til Geir Marthinussen, som har steppa inn som trenar ved nokre høve når eg har vore på reis. Ein ser ofte i andre klubbar at toarlag får mindre merksemd og sportsleg oppfølging, men den fella var det eit mål å ikkje gå i for vår del. Det har vi lukkast bra med. Neste år held 2001-gjengen førsteårs junioralder. Mange har vist interesse for å halde fram i lag, satsar på at vi får til det. Vi held i allefall på med treningar vidare utover hausten og vinteren. | | |  | | Samson høyrer til førstelaget, men har etter eige ønske vore fast med oss i heile år også. |
Underteikna har elles også vore involvert som trenar, assistent, koordinator etc på G16-nivå dei 7 siste åra i Trio, men neste år er eg ikkje med på G16-trinnet. Det har vore veldig kjekke år og eg synest ein har lukkast veldig bra med å legge til rette for både topp og breidde i denne perioden. At heile 43 spelarar frå desse årskulla til no har vore innom seniorlagsfotball, og at vi jamt over har hatt særs lite fråfall alle sesongane, er prov på det. Samarbeidet med Halsnøy IL har ein stor del av æra for dette, så underteikna vil i allefall tilrå at ein ser grundig på framtidige moglegheiter for samarbeid. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |