Full pott for J13 i haust |
 | | Jenter utan poengtap på 8 kampar etter sommarferien |
|
| |
| J13, 2. div avd 6: Trio - Rosendal 3-1 (1-0). Jentene hadde allerede før kampen sikra seg puljeseier og retten til spel om KM-tittel 2. div etter 7 strake seire i haust. Vi var enige før kamp om å prøva gjera ein god prestasjon, så fekk resultatet bli som det blei. Prestasjonen var god og då blei resultatet bra og. |
| |
 | | God kamp og 2 mål på Synna | Det var tydeleg 2 tente lag utpå der som etterkvart kjenner kvarandre rimelig godt. Rosendal pakka inn vår storscorar Julie og ho slapp lite til i første omgang. Ein relativt sjansefattig omgang der Trio var beste laget og hadde dei sjansane som kom. Det var derfor ikkje ufortent då Synna styrte kontrollert inn ein fint slått corner frå Emma like før pause. Rosendal kun småfarlig på dødball og mindre heldige igangsettingar bakfrå hos oss. I etablert spel hadde vi meget bra kontroll og med ein meget fokusert kaptein Ingeborg i storslag i midten bak. |
| |
 | | Stor kamp av kaptein Ingeborg |
I pausen snakka vi om å tørra å spela ball endo meir og gjerne meir 'på fot' og ikkje bare bakrom. |
| |
 | | Godt å ha Linnea tilbake etter sjukdom |
I andre omgang skal jentene ha masse ros for heile tida prøve spele ball. Og masse bra spel fekk dei til og. Eit par uheldige episodar i starten gjer likevel at Rosendal er med i kampen for fullt. Først ei klarering/vådeskudd som dabbar inn like under tverrliggar. Deretter får dei etter vårt syn ein særdeles billig straffe. Den blei mesterlig redda av Malene som stod ein god omgang i buret. Rosendal har i tillegg eit skudd som sneiar tverrligger. |
| |
 | | Bra forsvarsspel av ei bestemt Aurora i dag |
Men det er vi som spelar og spelar og maler på. Spesielt på høgrekanten der 12-åringen Cecilie hadde ein meget god periode før ho blei trekt inn sentralt for å få bytte-kabalen til å gå i hop. Det blir produsert mykje sjansar og Julie får midt i omgangen krangla inn ledarmålet til 2-1 då ho skjer skrått inn frå høgresida. |
| |
 | | Ida var frisk på venstrekanten |
Julie har dermed scora i ALLE 12 seriekampane spelt i år og enda på 28 mål totalt. Meget bra av lysluggen som også er i finaleheatet om ein plass på kretslaget til Hordaland! |
| |
Ikkje lenge etter duellerer June Marie svært godt i feltet etter nok ein corner. Premien var at ballen datt ned hos Synna som drog seg fri og avslutta nede i venstre hjørnet til 3-1. |
| |
Ein godt gjennomført kamp mot eit bra og meir direkte spelande Rosendal, som etter eige utsagn spelte langt bedre i kveld enn i dei 2 føregåande mot Uskedal og Stord 2. Jentene må då kunna kalla seg best i Kvinnherad i haust i 13-års klassen:-) |
| |
God dommar var Isaac Jørgensen, vi ønsker imidlertid lista lagt litt høgare på vanlig duellspel. |
| |
Semifinale i KM blir søndag 12/11, ikkje avklart heimebane eller bortebane ennå. Motstandar blir Søfteland/Nore-Neset eller Sotra 2. |
| |
Laget i dag: Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen, Linnea E. Rusten. |
| |
| |
|
|
|