|
Jamnare enn venta |  | | Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | Treningskamp: Trio G16 - Trio/Halsnøy G19 3-3. Juniorlaget stilte utan sine 5-6 beste, som spelar fast på A-lag og G16 stilte med 16-åringane, som neste år blir førsteårs juniorar. Med tre midtstopparar på fråverslista kunne det bli tøft, men G16 kom bra i frå det. Juniorane var nok ikkje max påskrudd, og G16 fekk servert to mål på tull og fjas på slutten. Juniorane var eit hakk betre, men ikkje meir enn eitt hakk. | | | Juniorane dominerte kampen sett under eitt, men 16-åringane hang relativt bra med. For oss var dette ein grei måte å få smake på juniornivået på, før vi skal opp på det trinnet neste sesong. Våre tre fokusområder var på ting som underteikna veit vi treng å jobbe med fram mot neste år: - 1) Tempo i bein og hovud. Alt går raskare på junior, vi må springe fortare, behandle ballen raskare og tenkje raskare. Dette løyste mange bra i kampen, sjølv om vi nok fekk hjelp av at G19 ikkje var så hissige på grauten som dei kan vera.
- 2) Kroppskontakt. Tørre å ta duellane og gå i kroppen på motstandar. Her såg vi mykje bra frå fleire, men tidvis var vi også litt for usikre og naive. Som venta sleit vi på daudballar.
- 3) Unngå farlege balltap på eigen halvdel. Her har vi mykje å gå på. Vi spelar til tider med meir risiko enn godt er.
Juniorlaget førte kampen ganske solid i første omgang, men skapte ikkje veldig mykje. Farlegast vart det når høgreback Oliver kom fram og slo fleire gode innlegg. Men to første måla kom etter daudballsituasjonar der vi ikkje var besluttsame og oppofrande nok i feltet. Vi fekk ei redusering då Jonas vann ballen av eit litt uvørent forsvar, og elegant styrte ballen inn frå 20 meter. Men siste kvarteret av omgangen var vi kraftig i ulage. Midtbane og forsvar sto for høgt og vi klarte ikkje å halde press på ballførar på midten. Fleire gongar måtte vi jage heim på ballar i bakrom, og kunne berre takke ein strålande keeper Tormod samt noko ukonsentrerte G19-angriparar for at det berre sto 1-2 midtvegs. | | | Fokus i pausen var det same som før kamp. Også i andre omgang klarte vi det defensive arbeidet bra i første halvdelen. Vi klarte også å få meir presisjon framover og hadde meir tru på at vi kunne skape sjansar. Gaute hadde ein susar som gav retur, utan at nokon var vakne på den. Og Daniel fekk ein stuss og var gjennom, men keeperinnbyttar Henning fekk nok fingrar på ballen til at den gjekk i stolpen. | | | Juniorane hadde også i denne omgangen fleire sjansar enn oss, men også keeperinnbyttar Aref var solid som banken. Gode angrep gav Tazo og Marcus store sjansar, men det vart med nesten. Og Torstein var nærast då han nikka Marcus sitt gode frispark i tverrliggjaren. Og keeper Vebjørn, som viste formidabel speleglede då han slapp til ute, varta opp med eit brassespark, som Aref avverga. | | | På tampen vart det litt mykje tull og fjas frå juniorane. Å sende keeper opp på corner på 3-1, gjer ein berre i uformelle treningskampar. Men ære til Aref for å ha roen til å igangsette kontringa kontrollert, og enda meir til Daniel, for perfeksjon og ro til å vrenge ballen inn frå 30 meter. På tampen fekk vi også utlikning, på ein ganske lik måte. Også her var keeper på langtur og Daniel fekk utlikne, dog høgst sannsynleg frå klar offsideposisjon. Tormod var i allefall klar på at han hadde ein perfekt assist. | | | G16 skal vera nøgde med innsatsen og leverte til tider bra på mykje av det vi fokuserte på. Vi merkar at junior er eit steg opp i frå kva vi er vane med i år, men med god jobbing gjennom vinteren er forskjellen ikkje uoverkommeleg. | | | Alt i alt ein triveleg duell på tampen av sesongen. Vi ser ut til å ha eit uvanleg stort antal spelarar på junioralder neste år. Kanskje ligg det an til to lag! Det må vera første gong i Trio si historie i så fall. Kampfakta frå KvednabekkjenTrio G16-Trio/Halsnøy G19 3-3 (2-1) 0-1 (19 minutt) Rasmus Eik Sjo 0-2 (22 minutt) Christian Fjelland Særsten 1-2 (29 minutt) Jonas Teigen 1-3 (57 minutt) Marcus Såtendal 2-3 (73 minutt) Daniel Sørtveit 3-3 (77 minutt) Daniel Sørtveit | | | Dommar: Thomas Størksen, Halsnøy Tilskodarar: Om lag 35
Trio G16 sitt lag:
Tormod Sund Vårdal (Aref Hosseinizada frå 40 min), Yaser Tarakhel, Ole Martin Byrknes, Edvin Vågen Bjørgvik, Mathias Gjelseng (Tormod frå 68 min), Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Omid Karimi (Sander Dolonen Brækken frå 30 min), Mohammad Barakzai (Vegard Fausk frå 35 min, Mohammad frå 70 min), Jonas Teigen (Daniel Sørtveit frå 60 min), Said Mohammadi (Omid frå 70 min). | | | Trio/Halsnøy G19 sitt lag: Vebjørn Røssland (Henning Solheim), Oliver Lygresten, Sander Eik Vevik, Marcus Størksen, Preben Heimvik, Christian Fjelland Særsten, Jonas Tazo, Torstein Myklebust, Sebastian Blom, Rasmus Eik Sjo, Håvard Vågen, Dion Attille, Marcus Såtendal. | | | - G16-trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |