Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J13: Søfteland for sterke for Trio-jentene i semifinalen

Klikk på bilete for full storleik
Tap i semifinale, men jubel for kjekk og god sesong
 
J13, 2. Div Hordaland, Semifinale KM: Trio - Søfteland/Nore-Neset 1-3 (1-0). Trio jentene rysta storfavoritten frå Søfteland, men måtte til slutt sjå finaleplassen gå til motstandaren etter ein fortent 3-1 seier mot våre jenter.
 
Klikk på bilete for full storleik
Nok ein straffescoring av Emma
Dagens motstandar skilte seg umiddelbart ut fra dei 5 andre puljevinnarane då vi først såg på dette. Dei mista opprykk til 1. divisjon med eit mål i vår og har ikkje avgitt poeng i haust. I kvartfinalen slo dei Sotra 2 med solide 5-0. Så vi var førebudde på å møta eit godt lag i dag. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av June Marie
Med tidlegare stor-scorar på Trio sitt A-lag, Øystein Ersland, som coach pga jobbreising på trenarane, gjekk jentene rett i angrep og kjørte høgt press. Julie er nære allerede etter 2 minutt. Midtvegs i omgangen får vi tildelt straffespark og Emma scorar for fjerde gang på 4 straffar siste 6 vekene. Det bølgar fram og tilbake med sjansar for begge. Cecilie ryddar godt opp i Trio buret, mens både Julie og Emma har store muligheter til å auke leiinga til Trio. Ein god omgang av jentene og 1-0 leiing til pause. Vi har vist at vi held nivået til dette gode laget.
 
Søfteland har eit jevnt og godt lag med færre spelarar enn oss totalt og lite bytting. Vi er (heldigvis) 14 og byttar masse. Søfteland spelar meir og meir direkte og pumpar lange ballar opp. Det gjer at midtbanen vår kjem mindre med i spel og det blir ein type fotball som er litt frå det vi øver på i det daglige. Søfteland snur kampen i andre omgang med 3 mål og vinn til slutt fortent 3-1 i ein kamp Trio like godt kunne vunne med bedre uttelling på sjansane mot ein god målvakt på andre laget.
 
Då er vi ferdig med kampane i 2017, men trenar ut november måned før vi tar fri i julemånaden. Jentene har vist ein utrulig evne til læring og vi har aldri sett eit lag utvikla seg så mykje i løpet av ein sesong. Veldig kjekt:-))
 
Laget i dag:
Cecilie E. Medhaug, Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Ariana Quam, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen, Linnea E. Rusten.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart