Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Triofesten

Klikk på bilete for full storleik
God drøs i salen
 
Den årvisse Triofesten vart arrangert forrige laurdag, og det vart gjort stas på nokre av svært mange som fortener heider.
 
Klikk på bilete for full storleik
Årets toppscorarar Martin Veastad og Eivind T. Saghaug saman med trenar Aleksander Ekeland
Klikk på bilete for full storleik
Årets spelar Eivind T. Saghaug saman med trenar A. Ekeland og senioransvarleg R. Røssland

Det var omlag 70 Trio-vener samla på Triohuset for å nyta god mat og sosial samkome. Nils Trygve og Robert spela opp til dans og stemninga var upåklageleg. Det vart også utdelt diverse utmerkingar. Årets toppscorarar vart Martin Veastad og Eivind T. Saghaug. Dei scora imponerande 23 mål kvar denne sesongen. Martin Veastad fekk også pris for å vera den mest framgongsrike spelaren gjennom sesongen. Denne prisen var det trenar Aleksander Ekeland som stod bak. Årets spelar vart kåra av spelarane sjølve saman med trenar og støtteapparat. Denne gjeve prisen gjekk i år til Eivind T. Saghaug. Den aller gjevaste prisen for kvelden var nok Årets eldsjel. Denne prisen gjekk til Anita Åkre, som hausta stor applaus i salen. Vel fortent Anita.  Fylgjande stod skrive på diplomet ho vart tildelt;

 

 

«Harhatt kioskansvar på det meste av arrangement i Trio dei siste åra og utførtdette med stil.» «Superpositiv.» «Ho gjer ein kjempejobb.» «Formidabel innsatssom hovudansvarleg på Husnes Cup.» «Står på frå morgon til kveld.» «Fullkontroll på detaljar og heilskap.» «Overblikk som få andre.» «Alltid blid.»«Eit JA-menneske.» «Fiksar ALT med eit smil.» «Uforlikneleg.»

 

 

 
Klikk på bilete for full storleik
Årets eldsjel saman med fotballeiar Kjell Magnar Eide og ungdomsleiar Trond Thorsen
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart