|
Trio Sunde 2005/06 | .jpg) | | Bakerste rekke, frå venstre: Odin Tofte, Angelica Wang Vimme, Odin Høivik-Skogseth, David Probert, Bas Jampakao og Brage Harsvik Ripel Kneståande: Big Jampakao, Cecilie Medhaug, Oda Musland Hauge, Adrian Wang Vimme og Oline Skogseth Liggende framme: Sander Wang |
| | | | Trio Sunde 05/06 kan sjå tilbake på nok ein minnerik sesong. | | | Nok ein kjekk og minnerik sesong er unnagjort med denne herlige gjengen. Treningsframmøte har også i år vært veldig bra, gjennom heile sesongen. Denne sesongen har me spelt 9-ar fotball med 11 og 12-åringane. Dette har medført at me måtte spela heimekampane våre på Kvednabekkjen på Husnes, då banen på Sunde ikkje er stor nok for 9-ar. Me har hatt treningane våre på Sunde skule. I år, som i fjor deltok me på Vosscup. Dette var eit av høydepunkta for denne sesongen. Tida flyr, spelarane veks og utfordringane endrar seg med åra. TrioSunde 05-06 har i alle år bestått av ein god blanding av jenter og gutar. Framtida for dette laget er pr. dato, ikkje klarlagt. Sammensettinga av dette laget med 2005 og 2006 modellane, der dei eldste skal over på 'ungsdomsfotball' og nokon av 2006 modellane fortsett på andre lag neste sesong, vil sannsynlig medføre naturlig samanslåing med eit eller fleire andre Trio-lag.
| | | Trenarar for laget, har i år vært Kristine Enæs Medhaug, Geir Vimme og Gjermund Skogseth. I tillegg har Ann Helen Høivik Skogseth, vært med som oppmann og styrt med administrative forpliktelser. Takk til alle spelarar for ein fin sesong og foreldre som har bidratt for laget med kjøring, kakebaking, kioskvakter, trenerassistenter mm, gjennom sesongen. - Gjermund Skogseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |