Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Feiring og sesongavslutning på Trio huset for J13

Klikk på bilete for full storleik
Trio J13 anno 2017 og fotballeiar Kjell Magnar etter medaljeseremoni
 
Foreldra gjorde stas på 13-års jentene sine torsdag kveld på Trio huset. I 2 timar var jentene i fokus då vi mimra 2017-sesongen og såg litt framover til neste sesong. Og mat og drikke var i toppklassen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Koldtbord gjennom spleiselag, enkelt og knallgodt
Jentene kan sjå tilbake på ein flott sesong, jfr årsrapport publisert tidlegare på denne sida. I serien noterte laget 10-0-3 på 13 kampar med målforskjell 56-20. Etter det vi veit var jentene einaste laget i ungdomsklassen i Trio som vann serien i haust. Som bevis på dette fekk hadde jentene gjort seg fortente til medalje frå kretsen. Leiar i fotballgruppa, Kjell Magnar Eide, stilte opp og starta kvelden med utdeling av medalje til kvar spelar og la til fine ord til både jentene og foreldregruppa. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Litt søtt høyrer med:-)
Etter å ha kosa oss med eit knallgodt koldtbord, dessert og kaker, var det tid for gjennomgang av 2017-sesongen. Her hadde trenarane ulike uformelle kåringar. Desse vart premiert med ei stor Stratosplate og vart som følger:
 
Klikk på bilete for full storleik
Ida var flinkast å stilla på trening i 2017
 
Best trenings oppmøte: Ida Helen Gudding
Mest framgong i sesongen: Emma S. Meling & June Marie S. Bjelland
Toppscorar: Julie S. Ersland (28 mål)
Årets spelar: Synna H. Gjerding
Deretter fekk alle jentene kvar sin liten oppmerksomhet med personlig helsing frå trenarane.
 
Vi planlegg stor aktivitet i 2018 og allerede midtvegs i januar skal vi på første cup, Bergen Fotballfestival i Vestlandshallen. Ellers planlegg vi med et par innecupar i Husneshallen og Zinken Cup i Odda før seriestart. Før sommarferien går turen til Bø for helgecup der i juni. Seriespel planlegg vi å gjera i 1. div i Rogaland, det blir ei stor utfordring. 
 
Avslutninga var ein knallbra Kahoot Quiz laga av the Mathisens, den var både gøy og spennande. Vinnar vart Astrid Borgen, som fekk ein julesokk med snop for det:-)
 
Stor takk til primus motor og lagleiar Frøydis for opplegg og gjennomføring og alle føresette for ein kjempekveld i Trio huset. Håpet er at dette gir ein solid dose inspirasjon til oppstart ny sesong i januar.
 
Vi nyttar høvet til å ønska alle ei god jul og eit godt nytt fotball-år!
 
 
Bjørn & Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart