Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøft med tynt mannskap

G19: Trio1-Trio2 11-2. Ein uformell treningskamp mellom det som historisk nok er våre to juniorlag i komande sesong. Dei yngste, også kjent som G17, var for svekka av fleire fråver til at det vart særleg spanande. I periodar var det bra, men særleg avslutninga i kvar omgang vart det for tøft. Faktisk kom 8 av 11 baklengs i dei siste 10 minutta av omgangane.
 
17-årslaget mønstra berre 11 mann og mangla 4 av dei 6 som tilhøyrde førstelaget på G16 i fjor. Då blir det hardbart mot eit lag som i utgangspunktet er både eldre, større og betre enn oss. Utan innbyttarar og med to keeprar, slik at den eine måtte spele ute, var det og lite rom for endringar undervegs, og nokre av våre har ikkje form til full kamp i høgt tempo. Enno. Slik sett var det ikkje så rart at det rann veldig på med baklengs i dei siste minutta av kvar omgang.
 
Elles var det ein god del bra å sjå. Vi tok leiinga i kampen på eit flott skot av Daniel, og sjølv om Trio 1 hadde eit klart overtak i spel, så var vi langt over midtvegs i omgangen før dei hadde snudd. Mykje bra arbeid defensivt, men samtidig for mange naive balltap på eigen halvdel. 
 
I andre omgang kom vi godt ut og Daniel hadde ein susar i tverrliggjaren på frispark frå 18 meter, og kort etter reduserte han også etter strålande forarbeid av Mathias. Trio 1 la seg lågare i presset i etter pause og dette var noko vi ikkje meistra bra. Vi vart faktisk meir usikre på kva vi skulle gjere når vi ikkje fekk høgt press på oss. Men defensivt var første halvparten bra, før det gjekk stadig tråare siste kvarteret. Og dei siste ti minutta var vi heit tomme, då kom heime 5 baklengs.
 
Skit au! Med bautaer som Espen, Tarmo, Ole Martin og Samson på plass er vi meir robuste til å stå i mot tøffe motstandarar. I dag måtte Kristoffer og Mathias prøve seg på sentral midt, truleg for første gong i sitt liv. Dette er karar som kjem meir til sin rett i sine vante rollar, men Mathias får likevel pokalen som vår beste spelar i dag.
Godt å vera i gang!

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G19: Trio1-Trio2 11-2 (5-1)
0-1 (6 minutt) Daniel Sørtveit
1-1 (14 minutt) Torstein Myklebust
2-1 (24 minutt) Håvard Vågen
3-1 (30 minutt) Håvard Vågen
4-1 (34 minutt) Alexander Johnsen
5-1 (36 minutt) Torstein Myklebust
5-2 (47 minutt) Daniel Sørtveit
6-2 (63 minutt) Oliver Lygresten
7-2 (71 minutt) Torstein Myklebust
8-2 (73 minutt) Henning Solheim
9-2 (75 minutt) Marius Quam
10-2 (76 minutt) Håvard Vågen
11-2 (79 minutt) Oliver Lygresten
 
Dommar: Ruben Rogne
 
Trio 1 sitt lag: 
Sindre Lemicka Brix, Oliver Lygresten, Sander Eik Vevik, Henning Solheim, Vebjørn Holmedal, Simen Mehammer, Torstein Myklebust, Marius Quam, Christian Fjelland Særsten, Rasmus Eik Sjo, Håvard Vågen, Alexander Johnsen, Brede Grønningen jr.

Trio 2 sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Yaser Tarakhel, Edvin Vågen Bjørgvik, Simen Hellevik Lie, Tormod Sund Vårdal, Said Mohammadi, Sander Dolonen Brækken, Kristoffer Tangstad, Mathias Gjelseng, Omid Karimi, Daniel Sørtveit.
 
- Trenar Trio 2, Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart