Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Super helg på Bergen Fotballfestival for J14

Klikk på bilete for full storleik
Det blei stopp i kvartfinale for dei flinke 14-års jentene til Trio i Bergen Fotballfestival
 
Etter eit suverent puljespel laurdag, der begge laga våre endte som puljevinnarar, var det med spenning vi skulle opp mot Gneist og Osterøy i kvartfinalar i A-sluttspelet søndag ettermiddag. 
 
Trio Raud hadde på papiret størst sjanse trudde vi, mot Gneist Hvit. Vi kjører kampen i starten og er beste laget. Store sjansar blir skapt, men ballen ville ikkje inn. Leah kjem nærmast med ein susar i stolpen, ellers stod Gneist keeperen som ein levande vegg. Då går det som det ofte går, Gneist scorar mot spelets gang til 0-1. Vi fortsett å kjøra kampen og er nær utligning fleire gonger. No skapar og Gneist meir på kontringar og Malene spelar stort i målet og held oss inne. Så kjem det ein tøff duell med Malene og 2 utespelarar der alle 3 blir liggande og ballen fri 2 meter frå mål. Den blir sendt i mål og 0-2. Litt surt tap i ein kamp vi like godt kunne vunne, men bra gjennomført av alle jentene.
 
Trio Blå skulle opp mot Osterøy, som bare hadde eitt lag med i J14 og dermed nok var eit meir 'toppa' lag enn oss og andre med fleire lag kvar. Jentene kjempar heroisk, der spesielt Ariana og keeper Cecilie leverer på ypperste nivå. Det vippar på 1-2 og vi har ein ball i tverrliggar, men der marginar var med i går er dei i mot i dag og Osterøy scorar eit til og fortent siger 3-1. Osterøy gjekk seinare hen og vann finalen mot eit anna lag som bare hadde eitt lag i klassen, nemlig Åsane. Finalen enda 3-2 til øylaget:-)
 
Jentene kan vera stolte over både prestasjon på banen og oppførsel ellers. Ein super gjeng å vera på tur med! 
 
Bergen Fotballfestival er ein kanonkjekk cup å vera med på. Med krøllgras som underlag i Vestlandshallen og 'normal' ball, er det glimrande trening på små banar der ein må agera raskt heile tida i stort tempo. Vi bestemte oss allerede i helga at vi må tilbake og spela denne cupen om eit år. Anbefalast!
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart