Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sterk prestasjon av J14 på Trio Cup i Husneshallen

Klikk på bilete for full storleik
Glade jenter sikra seg 2 trofe i Husneshallen i helga
 
Småjentelaget J14 hadde ei travel helg i Husneshallen i helga. Forutan spel i 14-års klassen sundag, deltok jentene i 16-års klassen dagen før. Og der skulle dei bita frå seg og gjera seg godt bemerka:-)
 
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie imponerte både som keeper og spiss
14-års laget hadde i 2017 heile 7 jenter som fekk prøva seg i kamp med J16-laget. Desse 7, samt 13-åringen Cecilie Enæs Medhaug som keeper, fekk utgjera J14 sitt lag i kamp mot 2 år eldre jenter. Totalt 9 lag i denne klassen og vi gjekk gjennom puljespel mot Trio J16-1, Rosendal Kvit og Odda J14/15 Raud med 2 sigrar og ein uavgjort. Litt sjokkerte kunne vi slå fast at vi hadde vunne pulja. 
 
I semifinalen skulle ein opp mot eit Halsnøy lag som i stor grad var bronselaget frå Norway Cup i sommar. Skulle vera rått parti, men på 13 minutt innefotball kan sjølvsagt alt skje. Etter ein heroisk innsats av alle og Cecilie som ein vegg bak klarte vi 0-0 og trakk likegodt vinnarloddet i straffekonken etterpå. Jentene var etter dette heilt tomme og hadde lite å gje i finalen som starta på direkten etter semi. Imponerande innsats uansett! På laget spelte utanom Cecilie i målet flg. jenter: Julie Ersland, Synna Gjerding, Emma Meling, Linnea Rusten, Ingeborg Hagan, Aurora Mathisen, June Marie Bjelland.

 
Sundag var det spel i J14, der det forutan våre 2 lag var med 2 lag frå Rosendal og eit frå Uskedal. Dei 7 utespelarane våre frå dagen før var fordelt 4 og 3 på dei 2 laga i eit forsøk på 2 jevne lag. Likevel var det vårt J14-2 som var sterkast denne dagen og var finaleklare etter 3 strake sigrar. J14-1 noterte 1 siger og nokre knepne tap. I finalen mot det sterkaste Rosendal laget gjer vi ein meget bra kamp, der bildet egentlig er veldig likt på semifinalen mot Halsnøy dagen før. Problemet er at no er det vi som kjører heile kampen og skapar mange store sjansar, men ballen vil ikkje inn i målet bak den gode keeperen til Rosendal. Denne gongen gjekk straffekonken feil vei for oss og dermed to 2. plassar på jentene på 2 dagar. I tillegg til dei som var i aksjon lørdagen, spelte flg på søndag: Ariana Quam, Astrid Borgen, Malene Heimvik, June Hammer, Leah Mo (sleit med skade). Flott innsats av alle 13!
 
Like kjekt skal det bli på onsdag, då skal jentene for første gong prøva seg på 11ar fotball. Vi tek turen til Rosendal for treningskamp mot dei flinke jentene i kvitt. Satsar på 3 x 25 minuttar i debuten på full bane.
 
 
Imponerte trenarar,
Bjørn & Per Einar
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart