Meget bra 11ar debut av J14 i Rosendal |
 | | Blide jenter etter ein sterk debut i 11ar fotball |
|
| |
| J14 spelte onsdag kveld sin første 11ar kamp nokon gong. Turen gjekk til Rosendal for møte med det gode mannskapet til Håvard Sætrevik. Jentene gjorde ein meget bra prestasjon, men fekk ikkje betalt i form av resultat. Heller ikkje veldig viktig i februar:-) |
| |
| Rosendal stilte med nymåka bane og full dommartrio, imponerande! |
| |
 | | Dagens Trio jente vart Ariana etter svært god kamp som midtstoppar |
Vi var 13 jenter denne kvelden og spelte 3 omgangar på 25 minutt. I mangel av utprega målvakt, tok Malene, Cecilie og Ariana sporty ein omgang kvar i buret for laget sitt. Flott gjort! |
| |
|
| |
Første omgang er vi svært gode og ser ut som vi ikkje har gjort anna enn å spela 11ar fotball. God struktur i forsvarsspelet og hard jobbing gjer at Malene får svært lite å gjere omgangen ho står i mål. Framover produserer vi flust med sjansar, rikelig til å avgjera kampen i første omgang. Julie har blant anna 2 kanoner i stolpen og Cecilie rundar keeper uten at ballen vil inn. Det kunne fort stått både 3 og 4-0 etter 25min. |
| |
Andre omgang er Rosendal oftare på vår halvdel og Cecilie får meir å gjera som keeper. Men fortsatt slepp vi ikkje til anna enn halvsjanser i form av langskudd og innlegg. Vi klarar heller ikkje produsera mykje desse 25 minutta. |
| |
Siste omgangen er vi bedre igjen og skapar meir. Ariana har lite å gjere i buret. Målet kjem på ein situasjon som ikkje er ein målsjanse, men ein svært glatt ball i kulden som glipp ut av hanskane. Kampen ebbar ut med 1-0 til heimelaget. |
| |
Vi gjer totalt sett ein veldig bra kamp og vi er kjempefornøyd med jentene. Prestasjon både offensivt og ikkje minst defensivt er solid og lovar godt for sesongen. Dagens Trio jente må bli Ariana som spelte prikkfritt og utrulig bra som midtstoppar dei 2 første omgangane. Forøvrig jevnt bra av heile gjengen:-). |
| |
|
| |
Bjørn & Per Einar:-) |
| |
| |
|
|
|