Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Uavgjort i jamnspelt treningskamp

Klikk på bilete for full storleik
 
Treningskamp G17-G16 2-2 (0-1, 1-0, 1-1). Gutelaget og førsteårs juniorane braka i hop til treningskamp på Kvednabekkjen fredag kveld. Etter ein sur februar heilt utan kampar, var spelegleda til å ta og føle på og totalt 33 gutar var på plass. Det vart ei jamt og tett affære, og det var greit det endte uavgjort.
 
Vi på G17 var ikkje nøgde med førsteomgangen. Vi har utfordringar med kommunikasjonen og nøyaktigheten og tek ikkje dei moglegheitene vi får. I tillegg klarar vi ikkje å utnytte det fysiske overtaket vi bør ha som litt eldre. Sander heada ein corner over då han brått sto åleine på femmeteren og i motsett ende sendte Steffen keeper Aref ut i full strekk med eit knallskot i langhjørnet. Men mål vart det ikkje før rett før den første av to pausar (vi spelte 3x30 minutt). Då netta Mads for G16 på ein overgang.
 
Vi bytta 5 mann i pausen og fekk noko meir tak på det etter kvilen. Men først måtte Aref i aksjon med ei ny kjemperedning då Mads kom gjennom. Så ein liknande sjanse for oss, der G16-keeper Torstein meisterleg redda då Daniel kom åleine mot han. Kristoffer hadde ein susar i tverrliggjaren, før Daniel utlikna då Samson tredde han elegant gjennom midt i omgangen. Før pausen leverte Aref ei fantastisk redning då han fista eit langskot over tverrliggjaren. Dermed 1-1 etter to omgangar.
 
Nye fem bytter og vi var klare for omgang tre. Her var Sander tidleg frampå med eit skot over, men banens yngstemann Isak var meir presis då han på halv volley fyrte ballen opp i vinkelen. 1-2 favør G16. Men så var det denne notoriske måljegeren Espen da. Det går ikkje ein sesong utan han scorar eit mål, og han viste at han meiner alvor også i år. På tampen var han framme på ein retur og sette utlikninga i mål frå kort hald.
 
Dermed uavgjort i ein jamnspelt kamp. Vi har mykje å gå på når det gjeld fysikk, og får høve til å bryne oss på det i internoppgjer mot G19 på onsdag, samt mot Solid G19 onsdagen etter.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Treningskamp G17-G16 2-2 (0-1, 1-0, 1-1)
0-1 (28 minutt) Mads Jørgensen
1-1 (48 minutt) Daniel Sørtveit
1-2 (75 minutt) Isak Mo
2-2 (88 minutt) Espen Aakre Sjo
 
Dommar: Miomir Milenkovic.
 
Trio G17 sitt lag: 
Aref Hosseinizada - Tarmo Tars, Edvin Vågen Bjørgvik, Simen Hellevik Lie, Jonas Teigen - Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim - Erik Thomas, Sander Dolonen Brækken, Said Mohammadi. Mathias Gjelseng, Kristoffer Tangstad, Daniel Sørtveit, Tristan Fredlund, Yaser Tarakhel, Tormod Sund Vårdal.

Trio G16 sitt lag: 
Torstein Olderkjær, Steffen Sørtveit, Erlend Nissestad, Mathias Hansen Eide, Mohammad Barakzai, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Mads Jørgensen, Isak Mo, Lars Olderkjær Larsen, Trym Solheim Fjelland, Hallvar Saghaug, Alen Foric, Christoffer Nygård Hillestad, Marcus Fjelland Håvik, samt ein skada Bjørn Einar Hvidevold.
 
- G17-trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart