Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

To kampar på eitt døgn

Klikk på bilete for full storleik
 
G17 ligg ikkje på latsida om dagen, treningskamp både tysdag og onsdag. Først mot damelaget, så mot G19. Det endte med halvanna grei prestasjon, og ein skral omgang til slutt.
 
Mot damelaget skulle vi føre kampen og ha ballen mykje i laget. Det klarte vi greit, men heller ikkje meir. Vi har mykje å gå på når det gjeld presisjon og å legge sjela i pasningane. Sander scora to gonger før pause, begge etter assist frå Samson. Det første etter frispark, det andre som avslutning av eit flott angrep.
 
I andre omgang kom det fleire mål, men samstundes vart vi også meir frista til å gjere ting på eiga hand. Daniel sitt dribleraid var flott, men ikkje den type spel vi ønskte å sjå i denne kampen. Tarmo fekk ein liten omgang som spiss og var sist på to flotte scoringar etter strålande angrepsspel. Said fastsette sluttresultatat til 7-0 då han kom rundt på kant og skaut sjølv frå skrå vinkel i staden for å finne medspelar framom mål, slik han burde. Alt i alt ein ok kamp av oss, men som nemnt, mykje kunne vore betre.
 
Trio G17-Rosendal/Trio 7-0 (2-0)
Laget (mål i parentes): Aref - Ole Martin, Edvin, Tarmo (2), Yaser - Sander (2), Espen, Samson - Mathias, Jonas (1), Erik - Vegar, Said (1), Simen, Daniel (1).
 
Onsdag rett etter skuletid var det så tøffare motstand når juniorlaget (junior 1) var motstandar. Herleg at ein småsjuk Lars Røyrvik gjorde come back med dommarfløyta! Ni år sidan sist, kom han fram til. Men elles vart inngangen til kampen ganske rotete. Vi mønstra sjølv berre 12 mann, men G19 var enda verre stilt og lånte ein frå oss, samt at trenarane Bjarte og Christian spelte ein omgang kvar. I andre omgang bidrog vi med ein god del vas sjølv også, og leverte ein prestasjon vi ikkje kan vera bekjent av. Skal vi halde på slik, blir det stygge sifre i årets serie.
 
Men førsteomgangen var mykje betre. Her leverte vi solid og var relativt godt organisert. Ein susar i krysset frå Torstein, samt at A-laget sitt hurtigtog Nikolai tok fram toppfarten og gjorde stillinga 0-2 midtvegs, skal vi ikkje skjemst over. Men at det sto 2-8 til slutt, er ikkje bra. Då hang vi ikkje saman utan ball og gjorde mange skrøpelege prestasjonar på gode overgangsmoglegheiter. Fine trøystemål av Mathias og målmaskina Espen, det får vi ta med oss. 
 
Trio G17-Trio G19 2-8 (0-2)
Laget: Torstein - Simen, Espen (1), Edvin, Yaser - Sander, Ole Martin, Samson - Daniel, Jonas, Mathias (1). Samt Mohammad (1), utlånt til G19.
 
Ny kamp om ei veke, borte mot Solid.
 
- G17-trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart