|
9arfotball for juniorlaget! | | Hordaland Fotballkrets har innført 9arfotball i dei yngste ungdomsklassane. Allereie i inneverande sesong blir det rom for å prøve ut dette i alle klassar heilt opp til 19 år, og vi i Trio vil difor gjere dette med G19-laget. | | | Som utprøving før det innførast permanent neste sesong, tilbyr HFK påmeldte lag i alle ungdomsklassane å endre til 9arlag allereie i år. For vår del skal vi prøve dette ut i junior gutar (G19). Samarbeidslaget Trio/Rosendal/Halsnøy har slite med få spelarar, og vi nyttar difor høvet til å melde dette laget på i 9arfotball i årets sesong. | | | For oss i Trio, som slit med veldig begrensa banekapasitet, vil det også vera ein fordel, då det blir plass til trening bak eine målet medan 9arkampane går av stabelen. | | | Trenar for Trio/Rosendal/Halsnøy G19, Bjarte Solheim, er positiv til endringa og trur dette er vegen å gå for å utvikle spelarane sine ferdigheiter. Mindre bane og færre spelarar gjev fleire ballberøringar pr kamp for den einskilde spelar, og færre feilpasningar frå dei som no blir tilvist ein plass på benken, konstaterer Bjarte med vanleg skråsikker begeistring. | | | Solheim har tankar om å øve inn ein offensiv 3-2-3-formasjon og vil diskutere dette med medtrenar Frode Blom når dei samlast etter påskeferien. | | | Trio ønskjer tilbakemeldingar på kva folk synest om innføring av 9arfotball. Er du samd med juniortrenar Solheim, eller har du andre synspunkt? Gje din kommentar på Trio si side på Facebook.
Om nokon ikkje skjønte det, så var dette ein aprilspøk :) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |