Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kjekk og sosial jenteturnering på Kvednabekkjen

Klikk på bilete for full storleik
God dag på jobben for J14
 
Det begynte i surt vær på formiddagen og avslutta i ettermiddag i strålande vår-vær. Rosendal J14, Trio J16 og Trio J14 hadde ein flott dag i lag på vårt flotte anlegg og klubbhus.
 
Klikk på bilete for full storleik
J16-laget vant seriekamp torsdag og er i positiv utvikling
Dei to Trio laga møttes i første kamp kl 11 i formiddag. Kampen blei prega av kraftig vind på langs og litt regn. J16 hadde vinden i ryggen i første omgang og den var relativt jevnspelt. J14 blei litt for utålmodig med ball og det blei litt for oppjaga. Eit fint mål scora dei likevel, då Julie finn Cecilie etter 17 minutt og 13-åringen setter ballen kaldt til sides for keeper. Dette sto seg til pause. I andre omgang hadde dei yngste vinden i ryggen og klarte også å etablera meir spel. Dette gav 2 kjappe mål etter 37min og 41min ved Julie, eit etter flott forarbeid av Cecilie og Synna og eit etter fint slått corner av June Marie. 3-0 vart sluttresultatet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flinke 14-åringar frå Rosendal virkar å vera klare for seriestart
Etter ein times kvile skulle J16 opp mot 14-åringane frå Rosendal. Underteikna såg ikkje mykje av denne, men det virka som ein relativt jevnspelt kamp som vart avgjort av Rosendals Siri Furdal etter 11min. Det vart kampens einaste mål og ett-måls siger til jentene i kvitt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio huset fylt opp med nærmare 50 fotball jenter
 
Klikk på bilete for full storleik
Nøgd vinnarlag 'Daim' i quiz
Deretter var det tid for Pizzabakeren pizza og Kahoot Quiz i festsalen på Trio huset. Kjekt å sjå nærmare 50 jenter samla i sosialt lag. Vinnarlaget 'Daim' hadde 3 jenter frå kvart av fotball-laga og vant knepent mot 'Dei beste'. Sjokoladeplater i premie:-). Takk til J16-trenar Jarle Håvik for kjempekjekk quiz!
 
Dagens siste kamp gjekk klokka 16 mellom dei 2 14-års laga. Det vart ein god kamp, der i alle fall vi i Trio var særs nøgd med gjennomføringa og måten vi framstår på. Årsbeste ei veke før seriestart er god timing. Vi spelar og spelar og får til mange gode kombinasjonar. Slik tar vi og ledelsen 10 minutt ut i andre omgang etter eit mønsterangrep på høgresida der Malene kjem seg fri og får slått '45'. Der står Julie og kliner ballen på halv volley i lengste kryss. Drømme-scoring! Rosendal er som alltid farlige på dødball og etter retningsendring i feltet går ballen i nota. Nora Sætrevik målscorar etter 42min. Vi er nærmast å avgjera, blant anna med ei kanon i tverrliggar frå Emma etter corner. Det endar 1-1.
 
For J14 imponerte spesielt midtforsvaret med Ariana og Ingeborg. Imponerande spel. Synna dominerte sentralt på midten og viste og godt igjen. Julie scorte 3 flotte mål, men sleit ellers med å bli mykje involvert. Ei god treningsveke til no for alle, så skal vi vera klare for Kopervik mandag om 9 dagar:-)
 
Takk til Annika Øye Guddal frå Rosendal og vår egen Are U for god dømming!
 
Ein veldig kjekk dag for alle involverte og stor takk til alle som bidrog for å få dette til!
 
 
Per Einar (J14)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart