Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knallkjekk turnering for 12-årsgutane

Søndag hadde vi ei 4-lagsturnering i G12 på Kvednabekkjen. I tillegg til Trio sine to G12-lag, stilte Trio G11 og Skånevik G12. Det viste seg å vera jamnbyrdige motstandarar og vart ein veldig triveleg søndag, sjølv om vergudane plagde oss med ein god del yr.
 
Vi spelte 9arfotball på tvers av banen, slik det skal gjerast i serien i G12-klassen i år. Offside er då heilt nytt for oss og det fekk vi god øving på i dag. G12 Husnes opna ballet mot Skånevik. Det var ein ganske jamnspelt kamp, men Trio var litt kvassare framom mål og hadde også marginane med seg. Mikal Røssland scora cupens første mål med ein himmelsk chip. Den såg om lag slik ut. På motsett halvdel sendte Sander Wang Trio Valen opp i 1-0 mot Trio G11, også det med eit flott skot. Det endte også kampen med, sjølv om 11-åringane var fullt på høgde spelemessig. Men på bane 1 var Skånevik uheldige då dei trudde dei hadde utlikna, men vart avblåst for offside. I staden gjekk Trio Husnes rett opp og Mohammed Aljajan la på til 2-0. Og på tampen scora William Heggøy 3-0, på noko som helst var eit innlegg. Dermed var vi godt i gong.
 
Vi hadde så nokre konkurransar på kunsten for å kvile til ny kamp. Her var det mykje bra prestasjonar både med å treffe tverrliggar, triksing og pasningspresisjon. Så var det prestisjeduell mellom G12-laga Trio Husnes og Trio Valen. Her endte det til slutt med 4-0 til valebuane. Samstundes fleska Trio G11 til med 5-0 mot skåneviksgutane, som var mest klare for pizza. 
 
For matøkt på Triohuset var neste post på agendaen, før vi også hadde eit par Kahoot-quizar, som såg ut til å gå rett heim hjå gutane. Sjokolade i premie både for quiz og konkurransane var populært.
 
Trio Husnes hadde brukt opp energien på quizen og tapte heile 0-4 for kvikke G11. På andre halvdelen stanga Tristan Thorsen valebuane i leiing, men Skånevik tok fram sin beste fotball for dagen i resten av førsteomgangen og snudde til 1-2 etter to vakre mål. Men valegutane var bestemte på at dette berre var oppvarminga og snudde tilbake, slik at det endte med 4-2-siger. Mål av Sander Wang (2) og Tristan Thorsen eitt til.
 
Takk til alle som hjalp til med arrangementet og takk til alle som deltok. Kjekk søndag!
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart