Vi fekk eit forvarsel allereie etter eit par minutt, då lynvingen storma gjennom og scora sikkert. Dei ti første minutta var vi rett og slett ikkje påskrudd, som det heiter. Og gutelaget fekk to nye mål. Først på eit flott frispark, og så etter ein fæl forsvarsfeil. Målscorar, lurar du? Mads, ved begge høve. Hat trick på ti minutt let seg høre.
Så jamna kampen seg ut og vi fekk flytta spelet meir opp og kom til nokon sjansar. Samson fann Benny med eit raskt frispark. Han drog seg forbi backen, men G16-keeper Torstein redda til corner. Og på den fekk Tarmo ein stor sjanse, men skotet vart redda på strek. I staden la Mathias HE på til 4-0 etter dårleg press frå oss.
Lite nøgde med første omgang, men betring i spelet etter kvart. Andre omgang starta som den første. Ein forsvarsfeil gav Mads sjansen igjen, 5-0. Og midt i omgangen vart det 6-0 på ei kontring. Målscorar? Jauda, Mads.
Men elles var vi betre i andre omgang og spelte oss til ein del gode sjansar. Både Said og Daniel kunne scora, og Tarmo var åleine med keeper utan å lukkast. Men det gjorde i staden Daniel, då han kom åleine gjennom. Dermed 1-6, og ein heller dårleg generalprøve før seriestart i neste veke. Resultatet bryr vi oss ikkje om, men vi får ikkje til å vera tøffe nok i duellane og pasningskvaliteten går fleire hakk ned frå treningsnivået når vi går i kamp.
På onsdag kjem Ølen 2 på besøk til første juniorkamp for våre gutar. Kampfakta frå KvednabekkjenTreningskamp: G16-G17 6-1 (4-0) 1-0 (3 minutt) Mads Jørgensen 2-0 (8 minutt) Mads Jørgensen 3-0 (9 minutt) Mads Jørgensen 4-0 (31 minutt) Mathias Hansen Eide 5-0 (45 minutt) Mads Jørgensen 6-0 (64 minutt) Mads Jørgensen 6-1 (67 minutt) Daniel Sørtveit
Dommartrio: Isaac Jørgensen, Nikolai Mayer, Vebjørn Røssland. Gult kort: Jonas Teigen og Tarmo Tars (G17)
Trio G17 sitt lag: Aref Hosseinizada, Jonas Teigen, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Sander Dolonen Brækken, Benjamin Skarveland, Edvin Vågen Bjørgvik, Said Mohammadi, Erik Thomas.
Trio/Halsnøy G16 sitt lag: Torstein Olderkjær, Yaserullah Tarakhel, Marcus Fjelland Håvik, Mathias Hansen Eide, Mohammad Barakzai, Brynjar Gjerding, Isak Mo, Brynjar Vigrestad, Mads Jørgensen, Trym Solheim Fjelland, Lars Olderkjær Larsen, Steffen Sørtveit, Christoffer Nygård Hillestad, Alen Foric.
- Trenar Trio G17, Are Ulseth |