|
Endelig seriestart for J14! |  | | J14 gler seg til seriestart mot Kopervik på Kvednabekkjen mandag |
| | | | Jentene på 14-års laget til Trio har gledd seg ei stund til seriestart. Mandag kl 18.30 er ventetida over, då står Kopervik på andre banehalvdel på Kvednabekkjen og seriespelet 2018 tar til. | | |  | | Ariana har vist storform i treningskampane | Etter fjoråret i lokal 2. divisjonspulje i Hordaland, skal vi i år prøva oss i 1. divisjon i Rogaland. Frykt for lange reiser og kun kamp i helg er hovedbakgrunn for at vi meldte på i Rogaland.
| | |  | | Astrid har hatt ein god treningsvinter og er i godt slag før seriestart |
Nivåmessig blir nok 1. divisjonspulja ein del over 2. divisjon Hordaland i J14. Dette då det ikkje er elite divisjon over 1. divisjon som det pleier i Rogaland og vi skal dermed møta dei beste laga i Rogaland på denne sida av Boknafjorden, samt Bremnes. Det blir kjekt å prøva seg på eit nytt nivå og møta nye lag og vi er førebudde på å møta gode lag. Men vi er blitt flinke vi og:-)
| | |  | | Best trent og flott utvikling på Ida |
Haugar 1 ser ut for å vera storfavoritten i pulja ut frå resultat J13 i fjor. Dei slo og bl. a. Rosendal 7-0 i Norway Cup i 2017. Ellers i pulja denne våren skal vi opp mot: Haugar 2, Bremnes, Kopervik, Falkeid, Åkra, Djerv 1919 og Sauda.
| | | Første motstander Kopervik ser ut frå fjoråret ut for å vera av dei 2-3 beste laga vi møter. Dei har allerede slått Haugar 2 på bortebane forrige veke. Det blir dermed ein tøff debutkamp for våre jenter og ein god indikasjon på kva nivå vi skal møte i vår.
| | | Møt opp og støtt våre flinke jenter - MANDAG KL. 18.30, KVEDNABEKKJEN.
| | | |
| | | Mvh Per Einar, trenar J14
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |