Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Imponerande debut i 1. divisjon av J14

Klikk på bilete for full storleik
J14 jentene kunne ikkje jubla for siger, men var likevel strålande nøgde med egen prestasjon
 
J14, 1. div Rogaland (Nord): Trio - Kopervik 0-1 (0-0).

Det var spente jenter og trenarar som mandag kveld tok i mot Kopervik til første kamp i 1. divisjon. Målet (og håpet) var å få ein bekreftelse på at vi har meldt på i rett divisjon og held nivået. Sjølv om Kopervik var eit svært godt lag og vant fortent, fekk vi vist oss fram såpass at vi må kunna slå fast at vi kan spela på dette nivået med realistisk tru på å kunna ta poeng framover.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott keeperspel i 1. omgang av Malene
Etter ein prat med Kopervik sine trenarar før kamp, fekk vi det klart for oss at vi skulle opp mot eit svært godt lag. Vi har trudd at Haugar 1 var det klart beste laget i pulja, men Kopervik har visstnok spelt heilt jevnt og både vunne og tapt i kampar mot dette laget. Det gjorde oss på sidelinja noko bekymra før start og det skulle kjapt visa seg at det var solid motstand som kom frå Karmøy. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av kaptein Ingeborg
Kopervik er det klart beste laget vi nokon gong har møtt og dei styrte mesteparten av 1. omgang. Etter 10 minutt går ein Kopervikspelar i bakken etter ein duell i feltet og kampens gode dommar Isaac Jørgensen velger å blåsa straffe. Denne går i stolpen og vi slepp med skrekken. Med hard jobbing av alle, god struktur bakover og meget bra keeperspel av Malene, held vi Kopervik frå dei heilt store sjansane sjølv om dei har mest ball. Vi har 3-4 situasjonar på kontringar som er svært nære på at vi bryt heilt gjennom. Men eit svært godt Kopervik forsvar, med ein rask stoppar, gjorde sitt til at Julie hadde tøffe arbeidsforhold på topp, ofte mot 3 kvittrøyer. 0-0 til pause og skryt til jentene for svært bra innsats mot tøff motstand.
 
Klikk på bilete for full storleik
....og midtstoppar kollega Ariana
Andre omgang er jevnare i banespel og det bølgar meir. Etter 15 minutt av omgangen kjem avgjerelsen, då eit lavt innlegg frå høgre sprett i ein Trio-legg og sett Cecilie i Trio buret ut av spel. Uheldig mål sjølvsagt, men slik som skjer ganske ofte i fotball, spesielt når det er vått og glatt med rask stuss som i dag:-). Jentene tar deretter imponerande tak i kampen og leverer svært bra i høgt press mesteparten av siste 20 minutt. Vi har sjansar til å utligna, men manglar det vesle ekstra for å få uttelling. Vi gamblar og tømmer oss litt bakover i banen, men held unna. Det ebbar ut med 0-1 tap, fortent nok, men vi blei ikkje utspelt heller. 
 
Klikk på bilete for full storleik
June Marie la ned enorm jobb på midtbanen
Vil nok gå så langt som å sei at trenarane aldri før har vore så fornøyd etter eit tap. Jentene gjorde ein kjempejobb mot eit svært godt lag. Utrulig kjekt å sjå kor jevnt vi tross alt klarar spela og det vanka mykje skryt frå Kopervik trenarane til våre jenter etter kamp. Kjekt og fortent!
 
Ekstra ros til 13-åringen Ellinor Isaac som debuterte for J14. Ho klarte seg veldig bra på tøft nivå!
 
Neste onsdag er det årets første bortekamp, då er det tur til Bømlo og klart for 'Sunnhordlands derby' mot Bremnes. Det blir gøy:-)
 
Laget i dag: Malene, Astrid, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, June Marie, Ida Helen, Emma, Julie, Linnea, June, Ellinor. 
 
 
Bjørn og Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart