Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Grei start

Klikk på bilete for full storleik
 
G19: Trio2-Ølen2 2-5. Stor spaning for 17-årslaget føre debuten på juniornivå. Vi har slite med fysikken i treningskampane og var spente på seriestarten. Og noko skeptiske, då det viste seg at Ølen stilte sterkt med heile 7 spelarar frå då førstelaget deira banka Haugar 6-0 i NM-kamp i forrige veke. Det endte med tap, men totalt sett skal vi vera godt nøgde med prestasjonen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sjo'en var vår bestemann i dag.
Trass i forventningane om at dette kunne bli ein veldig tøff kamp, valde vi å fleske til med ny formasjon. Det meistra gutane bra. Fokus var mest på duellar og å unngå 'juniorfeil' (hehe) i vår første juniorkamp. Vi har i treningskampane vore noko naive og servert motstandar mål med heilt banale feil, det skulle vi unngå i dag.
 
Veldig god kamp av Ole Martin.
Og der var responsen veldig god. Ølen fekk føre spelet og vi la oss lågt frå start, men gutane viste fin aggresivitet og var tidleg oppe i press. Det var sjeldan Ølen kom til gode moglegheiter. Sjølv fekk vi ein god ein då Benjamin vann ballen, gjekk av ein mann og skaut i hjørnet. Keeper redda etter å ha vore i full strekk, men Benjamin meinte sjølv av det var eit dårleg treff. Altså har han meir på lager. Veldig kjekt å ha Sandvollbuen med på laget igjen, etter halvanna års pause.
 
Tarmo var botnsolid i dag, inntil han måtte ut med ein skade i lanken.
Kort etter fekk Ølen eit kort for å hindre ei kontring og så klarte Samson nesten å treffe Benny i bakrom. Jau, vi var godt i gang. Aref varta opp med ei framifrå redning då Ølen kom til skot og i dag gav han heller ingen returar. Først halvtimen ut i kampen kom Ølen til ein stor sjanse, men då vart det også mål. Ein angripar fekk litt for lett drible seg forbi eit par mann. Kort før pause kom også 0-2, på ganske likt vis. Litt for snilt av oss, men det var unntakssituasjonane. For resten av omgang var veldig solid av gutane våre, og det fekk dei ros for i pausen.
 
Sterk innsats av Sander.
Også første halvpart av andre omgang var bra defensivt. Ølen med eit visst spelemessig overtak, men vi heldt godt stand, og det vart sjeldan farleg. 20 minutt før slutt reduserte vi til 1-2 på vakkert vis. Fine kombinasjonar mellom Sander og Daniel, før sistnemnte kom til dødlinja og serverte førstnemnte for ein tap-in. Lett når ein kan det :)
 
Herleg scoring og assist av Daniel.
Diverre hoppa ikkje Adam paradis lenge, det tok berre eit par minutt før Ølen fekk 1-3 på eit skot via ein forsvarar. Surt, for no augna vi sjansen. Men med det gjekk piffen litt ut av oss og dei neste 10 minutta var svake. 1-4 kom etter flott angrepsspel, medan ein midtstopparglipp gav 1-5. Skit au, vi heva oss siste ti minutta og fekk ei herleg redusering. Det er vanskeleg å setje Daniel inn i eit system og noko fridom må han få lov til å ha. Då gjer han også ting som vi andre berre kan drøyme om å sjå på TV. Han dansa seg forbi både 2 og 3 mann i feltet og avslutta sjølvsagt med å hæle ballen i tomt bur frå kort hald. Berre fordi det er kult :)
 
God kamp av Yaser.
Velvel, 2-5 og ein grei seriestart mot eit velspelande og godt organisert Ølenlag. Som sagt med mange frå sist førstelagskamp, og to av spelarane skal også ut i A-kamp i morgon. Som reint 17-årslag skal vi vera nøgde med denne kampen, som gjev oss tru på at vi kan bite godt frå oss utover i sesongen. Også neste kamp blir heime om 2 veker, sidan Djerv 1919 har trekt sitt lag frå serien.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G19: Trio2-Ølen2 2-5 (0-2)
0-1 (28 minutt) 
0-2 (43 minutt)
1-2 (59 minutt) Sander Dolonen Brækken
1-3 (71 minutt) 
1-4 (77 minutt) 
1-5 (81 minutt) 
2-5 (84 minutt) Daniel Sørtveit
 
Tilskodarar: Nær 25
Dommar: Espen Moe, Odda
Gult kort: Espen Aakre Sjo og Samson Nyrud Uppheim, samt eitt til Ølen
 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Ole Martin Byrknes, Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Sander Dolonen Brækken, Jonas Teigen, Said Mohammadi, Yaserullah Tarakhel.

- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart