|
Tap på Bømlo for J14 |  | | Det vart tap mot Bremnes for Trio jentene trass god kamp |
| | | J14, 1. Div Rogaland (Nord): Bremnes - Trio 7-2 (2-1).
Trio sine 14-års jenter var onsdag kveld på Bømlo for kamp mot Bremnes 1. I ein kamp der jentene var fullt på høgde i knappe 55 minutt, vippa deretter noken avgjerande situasjonar Bremnes sin veg. Dette avgjorde kampen og med noken baklengs til siste minutta, enda det til slutt med 2-7 tap. Likevel ein god prestasjon veldig lenge. | | |  | | Linnea på vei mot storform, flott kamp i dag | På ein innbydande og stor kunstgrasbane på Rubbestadnes skulle våre jenter opp mot førstelaget til Bremnes. Jentene tar tak i kampen umiddelbart og etablerer godt spel og mange fine kombinasjonar. Vi fører kampen og skaper målsjanser, uten å få uttelling. Bremnes er dyktig og farlig på overganger og tar mot spelet's gang ledelsen 1-0 etter drøye 10 minutt. Vi kjører på vidare i samme stil og får til slutt uttelling då Julie kjem seg fri og Bremnes riv ho ned i feltet. Flott straffe frå Emma lavt i hjørnet og fortent utligning til 1-1. Med bare sekundar igjen til pause er vi ikkje tøffe nok i feltet på ein godt slått corner og dermed, etter spel og sjanser ein noko heldig 2-1 ledelse til heimelaget til pause. | | |  | | Meget bra kamp av midtbanemotor Synna |
Jentene får uhemma skryt for ein SVÆRT god prestasjon i første omgang og vi er enig om å prøva fortsetta i samme stil etter kvilen. | | |  | | Julie åpna målkontoen for sesongen og la ned ein enorm jobb på topp |
Jentene er bedre enn Bremnes også i starten av andre omgang og etter eit par gode angrep spesielt på høgresida ved Malene og store sjansar, vinn Julie ballen høgt i banen og sett kontrollert inn 2-2. Så kjem det som kanskje avgjer kampen, Bremnes går rett opp og scorar igjen til 3-2. Det står fortsatt og vippar og kan gå begge vegar, men dessverre er det Bremnes som får neste målet til 4-2 og då går lufta litt ut av slitne Trio jenter og det blir veldig strekk i laget. Bremnes utnytter dette med 2 hurtige og gode overganger og eit cornermål. Då blir det heile 7-2 til slutt, eit resultat som på langt nær gir det rette bildet av kampen som var mykje jevnare enn som så. Vi spelar faktisk ein veldig god kamp i over 50 minutt. Og i 1. divisjon er vi mest opptatt av prestasjon og ikkje resultat. Hadde fokuset utelukkande vore å vinna kampar hadde vi spelt i 2. divisjon. No får vi brynt oss på gode lag i kamp etter kamp og vil dermed utvikla oss mykje meir sjølv også. Prestasjonen var nok ein gong frå desse jentene meir enn godkjent. | | | Flott innsats av alle i dag, med ekstra ros til Julie og Synna som gjekk føre mot tøff motstand. Synna la ned ein enorm jobb sentralt. Julie var ein konstant trussel for Bremnes jentene og skaffa straffe samt scora eit mål. Flott innsats også av 12-åringen Angelica Vimme som stilte på kort varsel for å hjelpa 14-åringane. | | | Turen vart avslutta med ein kjekke time på McDonalds på Heiane. Ros til jentene for eksemplarisk oppførsel og topp humør på heile turen:-) | | | Takk til Trond Martin og Geir V for kjøring og godt selskap:-) | | | Laget i dag: Malene, Astrid, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, June Marie, Ida Helen, Emma, Julie, Linnea, June, Angelica. | | | Neste kamp no er heime mot Falkeid mandag 7. mai. Då er det nye mulighetar for gode prestasjonar og gjerne også poeng? | | | Bjørn & Per Einar:-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |