|
Første lag ut |  | | Med nye Macron-drakter måtte det lagbilete til. Ein klin kokos gjeng, då blir tilnamnet lett til 'Kokosmacronane'. Bak frå venstre Abdisalam, Gunnar, Mohammed, Edvard, André, Martin og Mikal. Framme frå venstre Vegar, Noah, Mikael, Håkon Georg, William, Elias, Jonas og Brage. |
| | | | I dag tok Trio G12 Husnes i mot Odda til dyst på Kvednabekkjen i flunkande nye drakter. Macron er Trio sin nye utstyrsleverandør og heile barneavdelinga får no Macron-sett, med barnefotball-sponsor SKL sin flotte logo på brystet. Sesongen er offisielt i gang! | | | Som Dag Solstad skreiv det i boka om fotball-VM 1990, då han omtalte sjølve finalen: 'Om kampen er det lite å si.' | | | Det vart eit litt rotete oppgjer, med mange høge ballar frå begge lag. Vi var ikke riktig gode nok i press, til å dempe ballen og slå pasning, til å halde breidde og ikkje gå rett i offside, og til å slå pasningar som gjer medspelarane gode. Odda var berre eit lite hakk betre, og vann 0-3 etter at dei fekk hål på byllen litt uti andre omgang. Vårt beste angrepsspel kom i siste kvarteret av kampen. Då hadde både Håkon, Mohammed og William store sjansar, men utan å lukkast. Dermed 0-3, pyttsann. | | | Dommardebutant Omid leia kampen med stødig hand og var tydeleg med teikn og fløyte, lagleiar Beate hadde ordna frukt til laga og nokre mødre sto for kaffi og kake på tribuna. Ein kjekk ettermiddag på Kvednabekkjen, og triveleg av vergudane at dei sparte på kruttet akkurat under kampen. | | | Neste veke er det bortetur til Ølve og Strand-Ulv. Beach-Wolf, som engelskmennene kallar dei. Triobussen er bestilt, melder Geir Øystein :) | | | - Assistenttrenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |