|
Aaarrrgh! | | | | | G19: Trio2-Sveio 2-3. Surt tap for 17-årslaget i ein kamp der den sterke vinden gjorde speleforholda veldig vanskeleg. Det var i grunn uunngåeleg at laga fekk kvar sin omgang, men totalt sett synest vi at vi hadde fortent minst eit poeng. For i første omgang var vi gode! | | | Vi var fast bestemte på å vinne duellane i dag og gjekk veldig bra i gong med det. Vi fekk litt heldig løn tidleg i kampen, då Sveiokeeperen missa eit tilbakespel som vart lagt mot målet. Men vi skal ha for at vi jobbar hardt for gjenvinning høgt i banen og pressar Sveio til feil. Sander får mesteparten av æra. | | |  | | Sander var i storform i dag, trass i at han hevda han var småsjuk. |
Vi heldt fram med aggresivt og godt press og det lyste vinnarvilje av gutane. Hjulpe av sterk medvind klarte vi å setje Sveio under kraftig trøkk. Samson hadde eit godt skot like utanfor, Benny gjekk flott til linja og la nydeleg inn til Sander, som ikkje fekk kraft nok i headinga, og Benny hadde sjølv ein susar som keeperen henta ut av vinkelen. Og ein veldig opplagt Sander briljerte med ein flott detalj før han sendte Mathias fri på vingen. Innlegget var vi nesten på. | | |  | | Flott kamp av Benjamin, som viser fine takter om dagen. Han har gjort comeback etter halvanna års pause, så dette er eit arkivfoto frå langt nedi skuffen :) |
Men mål vart det til slutt, og då på ein presis corner på bakerste stolpe av Benny, der kampens bestemann, Sander, kom inn og stanga 2-0 kontant i nota. Ole hadde også eit skot rett utanfor, og vi kunne gå til pause med ei høgst fortent 2-0-leiing. Men vi visste andreomgangen ville bli tøff, for det skal noko til å stå i mot så sterk vind i 45 minutt. Og første halvtimen hadde Sveio eit bra trøkk på oss. Men i spel fungerer vi stort sett bra defensivt og bortelaget skapte få sjansar. Men dei fekk likevel snudd kampen etter tre faste situasjonar. Den første reduseringa kom i etterspelet etter ein corner, der vi ikkje får klarert og til slutt dempar ballen inn til ein Sveiospelar på 3 meter. Uff! Så kom utlikninga på ein susar av eit frispark frå 30 meter. Aref skulle vel teke den, men den vingla veldig og fekk valdsam fart av vinden. Og 2-3 kom då vi er oppmerksame på eit frispark frå sida. Vi setter ei linje, men fell ikkje av når serven kjem. Dermed stå brått tre Sveiospelarar åleine på mål, medan alle våre sto på 12 meter og kopa. Urutinert! | | |  | | Nesten scoring for Said. |
Men skit au. Vi børsta skuffelsen av oss og kjempa oss inn i kampen. Mykje bra spel siste kvarteret, då vi fann ut at vi måtte halde ballen på bakken. Said hadde eit skot i stolpen, Samson eit frispark like over og også Daniel hadde ein god sjanse. Men utlikninga fekk vi ikkje, og dermed stakk Sveio av med poenga. Litt bittert etter den sterke førsteomgangen vår, for då var vi verkeleg på hugget. | | | Jaja, bortekamp mot Haugar neste onsdag. Vi gler oss! Kampfakta frå Kvednabekkjen brus og blæstG19: Trio2-Sveio 2-3 (2-0) 1-0 (6 minutt) sjølvmål 2-0 (33 minutt) Sander Dolonen Brækken 2-1 (56 minutt) 2-2 (63 minutt) 2-3 (74 minutt) | | | Tilskodarar: Ca 15 i første omgang dei fleste stakk heim i pausen for å sjå Liverpool :D Dommar: Steinar Sæther, Odda Gult kort: Yaser og ein frå Sveio | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Edvin Vågen Bjørgvik, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Yaserullah Tarakhel, Benjamin Skarveland, Sander Dolonen Brækken, Mathias Gjelseng, Said Mohammadi, Jonas Teigen, Erik Thomas. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |