|
Fortent første siger for J14 på middels dag |  | | J14 kunne jubla for sin første siger i 1. divisjon i kveld |
| | | J14, 1. div Rogaland (Nord): Trio - Falkeid 3-1 (1-0).
Trio jentene tok mandag kveld i mot Falkeid i flott vår-vær på Kvednabekkjen. Begge lag sto utan poeng før kampen. På ein ikkje heilt topp dag for Trio var det likevel nok til å sikra ein fortent 3-1 siger og dei første poenga i 1. divisjon var dermed i boks. | | |  | | Ariana med ny storkamp i midtforsvaret | Vi har ein klar kampplan som går ut på høgt press, best innsats og spel langs bakken, men kjem liksom ikkje heilt i gang frå start. Det virkar som mange ikkje er 'heilt på' og er nølande og overlet jobb til andre. Vi får skade på Cecilie tidlig og det setter oss litt tilbake offensivt. Vi leverer vår svakaste omgang til no i år, motstand tatt i betraktning og Falkeid er fullt på høgde med oss. Vi går likevel til pause med 1-0 etter eit 'krigar-mål' av June Marie etter knappe halvtimen, der ho vinn fleire duellar på høgrekanten før ho sett ballen i det lengste hjørnet. | | |  | | God kamp på høgrebacken av June |
Vi prøver å mane til eit par hakk opp i aggresivitet og innsats i pausen og jentene er enige i at vi har litt å gå på. | | |  | | Årsbeste av Synna og banens beste i dag |
| | | Det går ikkje meir enn 5 minutt av andre før Falkeid kjem gjennom etter litt ubesluttsomhet i vårt forsvar. Utlikninga verkar å ha ei positiv virkning på laget. Gradvis står vi bedre etter og er tøffare i alle duellar og sjansane kjem. Etter 53 minutt vinn vi igjen ballen høgt i banen og Emma får ein skuddmulighet. Ballen går inn i hjørnet og vi er på ny i ledelse. Cecilie er inne igjen og aktiv på høgrekanten denne perioden. 3-1 kjem då og etter forarbeid av Cecilie og Julie kjem seg heilt gjennom. Ho får satt ballen til venstre for utrusande keeper og ein etterlengta 2-måls ledelse med 10 minutt igjen. Vi kontrollerer greit inn siste 10 utan store sjansar imot og tar til slutt ein fortent siger. | | | Ariana ser fortsatt ut som ho ikkje har gjort anna enn å spela midtstoppar før, nok ein solid kamp! Synna hadde ein svært god dag på midtbanen. Ho var overalt frå første stund i dag og leverte årsbeste. Vi var heldige å få låna Ellinor frå J13 i dag og ho klarar seg godt, prøver alltid spele ball. Bra! | | | Neste utfordring då er Haugar 2 i Haugesund om ei veke. Ny tøff kamp, men no har vi også bevist at vi kan ta poeng, så her er alt mulig:-) | | | God dommar var Ruben Rogne. | | | Laget i dag: Malene, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, June Marie, Ida Helen, Emma, Julie, Linnea, June, Ellinor. | | | Bjørn og Per Einar:-) | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |