Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tap i sjansefattig kamp

Klikk på bilete for full storleik
 
G19: Haugar2-Trio2 3-1. Gutane på 17-årslaget tok turen til Haugesund for sein kveldskamp i fagert sommarver på 'Gym7'. Kampen vart tett og sjansefattig, og truleg høveleg keisam for den nøytrale tilskodar. Ikkje det at det fantest så mange av desse. Det er godt å sjå at vi klarar å henge med fysisk på jrnivå, men spelemessig var dette langt under par for vår del.
 
For dette var tydelegvis kvelden for det upresise, slurvete og ukonsentrerte. Og då er det heller ikkje rette høvet for å prøve på avanserte tekniske sprell som vi kanskje får til ein sjeldan gong på ein god dag. Fleire av dei vi kan vente oss mest av offensivt fekk veldig lite til denne gongen.
 
16-åringen Erik gjorde sin beste kamp på juniornivå.
Førsteomgangen var om lag fri for sjansar i 40 av dei første 45 minutta. Ein som vart byta ut etter halvtimen spurde 'kven er det eigentleg som har overtaket i kampen', og der vart underteikna svar skuldig. For dette var jamnt og tett og om lag utan aktivitet framom begge måla. Ingen ville gje motstandaren rom, og ingen tok særleg sjansar for å skape noko framover heller. Vel, positivt då at vi tek opp den fysiske kampen mot eit lag med lite overtal av 18-åringar og at vi er solide bakover. Vi laga klart flest frispark, og det skal vi vera nøgde med. Dommaren la lista relativt lågt.
 
Nærare pause varta vi opp med eit strålande angrep, fine kombinasjonar mellom Yaser, Sander og Daniel, men sistnemnte var diverre offside då han sette ballen i mål. I staden gjekk Haugar meir eller mindre rett opp og sikra seg 1-0-leiing til pause.
 
Pausepraten gjekk i hovudsak på å få opp presisjonen. Andre omgang gjekk likevel vidare om lag som den første. Haugar auka tidleg til 2-0 på eit langskot. Vår mann missar forsøket på å bryte ballbanen på pasninga og dermed får midtbanespelaren fritt spelerom til å lade kanonen upressa. Men eit godt skot var det, for all del.
 
Vi får framleis lite til, men viser etter kvart meir tendensar offensivt. Men framleis slurvar vi og gjer det vanskeleg. Litt ironisk at vi får mål på eit elles fint angrep, når Sander i nest siste pasninga chippar i staden for å rulle ballen gjennom til Daniel. Vel, med hjelp av svakt forsvarsspel klarar Daniel likevel å score.
 
Men ikkje lenge etter svarar Haugar med å sette inn ein retur etter eit skot i tverrliggjaren. Etter kvart sender vi stadig fleire folk framover og skaper ein del meir, men samstundes skaper nok Haugar meir på overgangar. Så alt i alt ebbar kampen ut med ein fortent heimesiger. Som sagt ein slurvete kamp frå oss. Samstundes hadde Haugar styrka seg med ei handfull karar frå førstelaget, der særleg ein midtstoppar av høg kvalitet heldt laget godt saman.
 
Kaptein Tarmo var mest solid for oss mot Haugar.
Då er vi poenglause etter tre kampar, men i alle har vi vist at at vi klarar å vera på høgde med noko eldre motstand. Underteikna si frykt for at vi skulle bli noko spinkle som reint førsteårs juniorlag, har gutane gjort til skamme. Så får vi jobbe vidare med at vi på dette nivået må vera raskare i ballbehandinga, raskare i å ta valg og raskare i å gjere rette valga. Der er det mykje å gå på.

Kampfakta frå Gymnasbane 7

G19: Haugar2-Trio2  3-1 (1-0)
1-0 (41 minutt) 
2-0 (52 minutt)
2-1 (64 miutt) Daniel Sørtveit
3-1 (68 minutt)
 
Dommar: Karl Ivar Nymark, Rubbestadneset.
Eitt gult kort til Haugar.
 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Samson Nyrud Uppheim, Espen Aakre Sjo, Yaserullah Tarakhel, Daniel Sørtveit, Said Mohammadi, Sander Dolonen Brækken, Erik Thomas, Jonas Teigen.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart