|
Spanande lokaloppgjer | | | | | G12: Trio Husnes-Trio Valen 5-4. Det vart eit spanande og tett oppgjer i finveret på Kvednabekkjen søndag ettermiddag. Laga følgdes åt frå start til mål. | | | Trio Valen stilte med samtlige av sine 11 spelarar, inkludert han som slit med blindtarmbetennelse. Pyttsann, er det lokaloppgjer, så børstar vi vekk slike ubetydelegheiter frå tankane. Trio Husnes mønstra 15 mann, og med 2 nye i troppen betyr det at vi har enda 2 stk som ikkje spelte i dag. Til saman har altså Trio heile 28 gutar i dette kullet. | | | Husnesgutane tok kampen på alvor med taktikksamling i garderoben før kamp, og trenar Geir Øystein stilte sågar i findressen. Planen var å hindre Valen i dei fasane av spelet dei er gode, og som vi har slite med å demme opp for i tidlegare oppgjer. Samstundes skulle vi bruke breidde og få til scoring på noko vi har øvt på i det siste: å kome rundt på sida og legge inn. | | | Vi fekk ein pangstart då Mohammed sendte Husnes i leiing nesten før dommar Omid hadde blåst i gang kampen. Åleine med keeper var Mohammad iskald i varmen. Men Valen gjorde som dei skulle gjere fleire gonger i kampen; svara rett etter då Sander klaska ein retur etter corner heilt opp i hjørnet. 1-1 og like langt. | | | Mohammed rakk ein susar i tverrliggjar etter fint angrepsspel, før han sjølv la på til 2-1 på eit frispark frå 15 meter. Men igjen, Valen svara kort etter då Anders fann Tristan i bakrom. Unge Thorsen hamra nådelaust inn 2-2, like langt igjen. | | | Men nok ein gong gjekk Husnes i føring. Eit høgt skot frå William gav retur, og om ikkje ballen allereie var over streken, så var Brage på plass å forsikra seg ein gong for alle om at det sto 3-2. Det vart pausestillinga. Jamnt og tett, men vi på Husnes såg ein del ting vi kunne rette på. Framleis opp i press, men samstundes falle av i tide. Ein kunst, det der. To tankar på ein gong, hardt for oss mannfolk. | | | Knappe ti minutt ut i andre omgang fekk vi (Husnes) ein litt heldig straffe, då dommaren dømte for hands i feltet. Mohammed og Noah hadde ein diskusjon om kven som skulle ta den, før førstnemnte hamra den inn. Men atter ein gong: Valen svara på direkten då Joar reduserte til 4-3. | | | Så sto kampen og vippa, inntil Valen fekk frispark skrått frå nesten 25 meter. Her falt ikkje husnesingane langt nok ned, og Emil sitt frispark fekk dabbe i feltet. Om den var borti nokon eller gjekk rett inn, er ikkje godt å seie. Uansett, 4-4. | | | Men, denne gongen var det vår tur til å svare på direkten. I neste angrep fekk vi endeleg målet vi hadde venta på. Innlegg og avslutning, yes! Herleg serve av Mikal og Brage frampå som matchvinnar med pannebrasken. 5-4 i ein særs spanande kamp, slik vi likar det. Hjå Husnes var William knakande god i dag, medan Fredrik imponerte mest for Valen. Og alle hadde gjort seg fortent til ein is etter kampen :) Kampfakta frå KvednabekkjenG12: Trio Husnes-Trio Valen 5-4 (3-2) 1-0 (2 minutt) Mohammed Aljajan 1-1 (5 minutt) Sander Wang 2-1 (14 minutt) Mohammed Aljajan 2-2 (16 minutt) Tristan Thorsen 3-2 (22 minutt) William Heggøy/Brage Kvandal 4-2 (39 minutt) Mohammed Aljajan (straffe) 4-3 (40 minutt) Joar Langeland 4-4 (48 minutt) Emil Solheim 5-4 (50 minutt) Brage Kvandal | | | Dommar: Omid Karimi. | | | Trio Husnes sitt lag: Gunnar, Jonas, André, Michael, Mikal, Noah, William, Vegar, Mohammed, Abdisalan, Brage, Elias, Edvard, Yazan, Qutaiba.
Trio Valen sitt lag: Andreas, Andri, Anders, Joar, Tristan, Emil, Sander, Fredrik, Brage, Trym, Julian. | | | - Assistenttrenar Trio Husnes, Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |