Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tap i Haugesund trass god prestasjon av J14

Klikk på bilete for full storleik
Smilande jenter på J14 trass tap i Haugesund mandag kveld
 
J14, 1. div Rogaland (Nord): Haugar 2 - Trio 4-1 (1-0).

Haugar har ein fantastisk 2004-generasjon for jenter. 2 jevngode lag, Haugar 1 og Haugar 2, delt geografisk i byen. Haugar 1 ligg øverst av dei på tabellen så langt, men har tapt 0-3 for Haugar 2. Så det var eit sterkt lag vi skulle opp mot denne varme mandag kvelden på Sakkestad Kunstgrasbane. Til slutt vart dei for sterke for oss og vinn fortent 4-1. Det var imidlertid noko jevnare enn resultatet tilseier og effektiviteten føre mål avgjorde kampen til heimelaget sin fordel.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av kaptein Ingeborg i midtforsvaret
Kampplanen i dag var å ligga litt lavare og meir kompakt enn normalt for å stenge rom og satse på overganger og gode brudd. Samtidig var vi enig at vi måtte opp et par hakk i forhold til seieren mot Falkeid sist. Dette lukkast vi godt med gjennom heile første omgang. Haugar har mest ball, men ei god Malene i mål og topp innsats av våre jenter hindrar dei store sjansane. Vi produserer sjølve meir og meir og både Julie, Synna og Cecilie har store sjansar til scoring både før og etter Haugar sitt noko lettkjøpte 1-0 scoring og vi kunne fort ha leda med et mål eller 2 til pause med bedre uttelling.
 
Klikk på bilete for full storleik
Årsbeste av Emma mot Haugar 2 før det gule kortet
Mykje skryt i pausen til jentene som har trua på scoring i andre omgang.
 
Klikk på bilete for full storleik
Meget bra innsats av Malene i Trio målet
Vi trøkker til frå start og skaper farligheter umiddelbart. Ei fullt fortent utligning til 1-1 sørga Julie for etter assist frå Synna på eit godt Malene utspark. Glimrande skudd frå ca 18 meter oppe i høgre hjørne, utagbart. Vakker scoring og stor jubel hos jentene i rødt etter knappe 10 minutt av sluttomgangen! I dei beste periodane imponerer spesielt Emma, Synna og Cecilie med flotte kombinasjonar, veggspel og frispelingar på høgresida. Kjekt å sjå! 
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott første omgang av Aurora før kreftene ebba litt ut i andre
Dessverre er marginar og sprettar i mot då Haugar på ein corner får satt ballen i mål frå kort hald. Fortsatt heilt åpent, men så får vi ein skjebnesvanger og streng dommaravgjerelse i mot då Emma får gult kort og 5 minutt på sidelinja. Haugar nyttar overtaket mot 10 slitne Trio jenter og får putta på 2 mål i denne perioden. Fulltallige får vi flytta laget noko høgare igjen, men evnar ikkje skapa ny spenning i målprotokollen. Då blei det 3-måls tap, men vi syns jentene leverte ein bedre prestasjon på banen enn i seieren sist. Flott jobba av heile laget! Ekstra ros til målvakt Malene og kaptein Ingeborg i dag. Malene var ikkje heilt i slag i varmen før start, men tok keeper jobben for laget sitt og gjorde ein framifrå innsats!   
 
No er det kampfri til søndag om 2 veker, då er det heimekamp mot Sauda. Då går vi for nok ein god prestasjon og at vi blir belønna med scoringar og 3 poeng:-) 
 
Laget i dag: Malene, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, June Marie, Ida Helen, Emma, Julie, Linnea, Astrid og June.    
 
Bjørn og Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart