Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsbeste i førsteomgang

Klikk på bilete for full storleik
 
G19: Trio 2-Solid 3-5. Førsteårsjuniorane gjorde ein strålande omgang mot det som truleg er seriens beste lag. Solid slit med tynn stall, men spelarane dei har held bra nivå. Brorparten av dei trenar med A-laget deira og dei såg rimeleg robuste ut i oppvarminga. Men våre gutar har teke overgangen til junior imponerande bra. I første omgang var vi solide bak og varta opp med mykje friskt angrepsspel. Så vart det tyngre etter pause, med to av dei mest sentrale ute. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var forrykande god så lenge kneet heldt.
Kampen opna jamnt og vi gjekk i føring etter kvarteret på eit herleg angrep. Ein kjapp veg og ut til lynvingen Mathias, som imponerte i dag. To mann var på plass framom mål på det gode innlegget, og etter ei blokkering, sette Daniel returen i mål. Fem minutt seinare var Solid a jour etter at deira 16-årige stortalent klaska ballen heilt opp i vinkelen frå 25 skrå meter. Ei perlescoring, det skal han ha.
 
Stor kamp av Samson.
Men vi tok tak i kampen og var farlegast framover. Espen fekk ein kjempesjanse på innlegg frå Sander, men lobba over frå fem meters hald. Kort etter var Samson betydeleg meir nøgd med sin lobb i feltet. Den sette stopparen ut av spel, før Samson tok ned og trilla 2-1 sikkert i nota. Lekkert! Vi varta også opp med fleire gode angrep. Nye fine kombinasjonar mellom Mathias og Sander gav nesten utteljing og Daniel traff stolpen via ein forsvarar, før Said brukte vel mykje tid på returen og ikkje avslutta godt nok då han sto åleine på femmeteren. Dermed 2-1 midtvegs.
 
Espen er særs viktig. Den kvite N'golo Kanté.
Og uhorveleg mykje skryt å få. Dette var den beste omgangen vi nokon gong har levert. Men, utan ein god andre omgang, ville det ikkje hjelpe stort. Vi gjekk også friskt ut i andre, og Said fekk løn for å presse på eit tilbakespel. Han snappa ballen frå keeper og sette inn 3-1. Diverre reduserte Solid kort etter, og fekk blod på tann.
For vår del vart det tungt då kaptein Tarmo måtte ut med eit skrantent kne, og midtbanelegende Sjo måtte ut grunna sjukdom. I lag med Samson hadde dei vore bærebjelkane i det defensive arbeidet og det måtte merkast at dei var ute. Midt i omgangen utlikna Solid, og siste halvtimen var dei eit hakk betre enn oss. Dei sikra seg også sigeren med to scoringar på siste kvarteret. Dermed 3-5 og null poeng. Men særs mykje bra å ta med seg.
 
Særs god kamp av ein småsjuk Mathias.
No ventar bortetur til Stord neste onsdag. Då rekk vi kebab på Leirvik før vi tek båten heim :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G19: Trio2-Solid 3-5 (2-1)
1-0 (16 minutt) Daniel Sørtveit
1-1 (21 minutt) 
2-1 (31 minutt) Samson Nyrud Uppheim
3-1 (47 minutt) Said Mohammadi
3-2 (49 minutt) 
3-3 (67 minutt)
3-4 (76 minutt) 
3-5 (83 minutt) 
 
Dommar: Steinar Sæther, Odda
Gult kort: Jonas Teigen (Trio), eitt til Solid
 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Simen Hellevik Lie (Yaserullah Tarakhel frå 45 min), Tarmo Tars (Simen frå 60 min), Edvin Vågen Bjørgvik, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Espen Aakre Sjo (Erik Thomas frå 55 min, Mathias frå 75 min), Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng (Jonas Teigen frå 45 min), Benjamin Skarveland (Said Mohammadi frå 35 min, Benjamin frå 75 min), Sander Dolonen Brækken.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart