Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Overbevisande 4-0 seier til J14 mot Sauda på varm dag

Klikk på bilete for full storleik
Storspel av J14 i 4-0 seier mot Sauda
 
J14, 1. div Rogaland (Nord); Trio - Sauda 4-0 (2-0).

Trio jentene tok søndag imot botnplasserte Sauda til kamp på Kvednabekkjen. Sauda kom frå ein opptur med 2-2 heime mot Bremnes, men hadde ingenting å stilla opp mot hardtarbeidande og fintspelande Trio jenter. Etter 2 mål i kvar omgang enda det til slutt med ein overbevisande 4-0 seier til jentene i raudt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av Astrid, inkludert ein omgang som keeper:-)
Gameplan i dag var høgt press, først på ball og tørre å spele den langs bakken. Dette klarte jentene med bravur og satte umiddelbart Sauda under stort press. Emma har tidlig skudd i tverrliggaren, men skada seg så like etter i kneet og måtte fraktast til helsesenteret. Vi håpar det går bra og at Emma snart er tilbake, vi treng deg sårt:-). Neste ut til å testa aluminiumen er Julie, då keeper slår avslutninga hennes i overliggaren. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie var involvert i mykje flott spel i dag og fekk også ein fin scoring
Etter innlagt drikkepause i varmen, så sitt den endelig etter ca 20 min når Linnea ladar sin frykta skuddfot, langskudd i stolpe inn og svært fortent 1-o til Trio. Alt spel skjer på Sauda sin halvdel og jentene trykker på meir og meir. Vi aukar like før pause. Vår høgrekant Cecilie tar med seg ballen frå midten og skjer inn mot mål. Der trillar ho ballen til sides for målvakt og 2-0 til Trio. Dette står seg til pause etter ein svært god omgang av Trio.
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor jobb sentralt av June Marie
Lagleiing og jenter er enige om å stå distansen ein omgang til og kjører på frå start i andre. Ganske tidlig kjem det etterlengta tredje målet då Julie viser kraft og styrke og bryt gjennom til 3-0. Spelet skjer i hovedsak på Sauda sin halvdel også i denne omgangen, og sjansar blir skapt fortløpande etter tidvis flott spel langs bakken. Malene spelte ute i andre omgang og hadde forarbeidet til siste målet. Igjen er Julie sist på ballen og 4-0. Dette blir og sluttresultatet, i ein kamp der Sauda ikkje har ein målsjanse i heile kampen. Svært bra jenter!
 
 
Det har siste veka vore terpa på avslutningar på trening. Tidlegare storscorar i Trio, Øystein Ersland (far til Julie) har jobba med jentene på avslutningar. Kjekt å registrera at det ga umiddelbar uttelling i dag då både Cecilie og Julie er rolige og sikre åleine mot keeper, akkurat som Øystein hadde drilla dei på.
 
Vi var 13 jenter i dag med Annie på lån fra J13 og tidlig nede på 12 med Emma ute etter 10 minutt. Dette vart løyst fortreffelig med at Malene og Astrid tok ein omgang kvar i mål og ellers rullerte jentene slik at dei fekk ein ekstra drikkepause på sidelinja forutan dei innlagte.
 
Kampen var ein formidabel LAGSEIER der alle sto på, tok ansvar og jobba for kvarandre. Når ein i tillegg tør - og får til - å SPELA fotball, då er fotball kjekt - og spesielt når ein får uttelling gjennom scoringar, seier og 3 poeng. Bravo jenter!
 
No er det noko hospitering på J16 og trening kommande veke, før vi får ei travel veke deretter. Då er det Djerv 1919 borte tirsdagen, Åkra heime torsdagen og avreise til Bø Sommarland Cup fredagen.
 
Laget i dag: Malene, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, June Marie, Emma, Julie, Linnea, Astrid, June og Annie. 
 
Bjørn, Kristine & Per Einar
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart